Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Før du leverer fagartikkelen

Når du kjenner deg ferdig med sjølve skrivinga, er det lurt å sjekke korleis teksten din blir oppfatta av ein lesar. Slik oppdagar du kva du må finpusse på av språk, flyt og rettskriving.
Studentar jobbar saman i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Oppgåve 1: Les teksten høgt

  1. Gå saman to og to og les teksten høgt for kvarandre.
  2. Må du stoppe opp når du les fordi du ikkje heilt skjønner samanhengen i setningane dine? Då må du jobbe med setninga til ho blir tydelegare. Manglande komma eller punktum kan gjere at du mistar tråden. Det kan òg vere at setningar som består av mange ledd, ikkje heng saman på ein logisk måte. Då er eit tips å skrive kortare setningar.
  3. Prøv å fortelje att hovudpoenget i tekstane til kvarandre. På den måten får de ei viktig tilbakemelding om korleis lesaren oppfattar innhaldet. Viss partnaren din ikkje har forstått hovudpoenget, må du kanskje gå tilbake til teksten og sjå om du kan gjere det du vil få fram, endå klarare.
  4. Legg òg merke til om språket flyt når du les. Heng setningane og avsnitta saman, eller kjennest teksten oppramsande og punktvis? Då må du binde teksten din betre saman. Få tips om tekstbinding her:

Oppgåve 2: Les korrektur

Slurvefeil kan vere vanskeleg å oppdage, men dei kan lukast ut ved at du les gjennom teksten din før du leverer han inn.

  1. Gå igjennom alle raude strekar under ord og høgreklikk for å sjå forslag til rett skrivemåte. Ikkje stol blindt på stavekontrollen, så dobbeltsjekk gjerne med ei ordbok om du er sikker på at stavemåten din er den riktige. T.d. vil stavekontrollen ofte meine at samansette ord skal delast, sjølv om det som oftast er feil.
  2. Viss du vel "sjå meir" på nedtrekkmenyen i stavekontrollen i Word, får du opp alle førekomstar av den enkelte skrivefeilen i dokumentet ditt. Då kan du kan rette alle opp på ein gong.
  3. Skriv ut teksten din viss du synest det er lettare å lese på papir. Viss du framleis synest det er vanskeleg å finne feil, kan du prøve å lese teksten baklengs, ord for ord. Då er det lettare få auge på stavefeil.
  4. Før du leverer, bør du òg sjå over oppgåveteksten og eventuelle sjekklister, for å sjekke at teksten din gjer det oppgåva ber om.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Aasa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2019

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar