Hopp til innhald
Oppgåve

Podkast om kommunikasjonskanalar

Lytt til podkasten med Benedicte Brinchmann Eie, som er ekspert på kommunikasjonskanalar. I podkasten snakkar ho om val av kommunikasjonskanalar for å nå ut med ein bodskap til aktuelle målgrupper. Ta notat undervegs når du lyttar, og ha ein felles refleksjon og diskusjon i klassa etterpå.

Oppgåve til podkast

Del 1 – Lytt til podkasten og ta notat

Nedanfor kan du notere nøkkelord mens du lyttar. Skriv så eit kort samandrag av podkasten.

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Kommunikasjonskanalar

Korleis når ein akkurat dei menneska ein vil, med reklamen eller bodskapen sin? Kva kommunikasjonskanal bruker ein? For det er stor forskjell på om ein vil nå ungdommar på 15 eller 17 år for å få dei ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Del 2 – Felles refleksjon og diskusjon i klassa

  1. Set opp nøkkelord frå podkasten på tavla.

  2. Kva lærte de av denne podkasten?

  3. Diskuter kvifor det er viktig med innsikt i kommunikasjonskanalar.

  4. Kvifor er det viktig å ta omsyn til målgruppa ved val av kommunikasjonskanalar?

  5. Vi bruker ulike kommunikasjonsformer i ulike kommunikasjonskanalar. Diskuter nokre reglar for korleis ein skal snakke i ulike kommunikasjonskanalar.