Algoritmar og marknadsføring
Vi kan bruke datamaskinar til å løyse avanserte oppgåver for oss, som å hente inn informasjon om kva nettstader du besøkjer på internett. Slike program som fortel kva datamaskinen skal gjere, kallar vi algoritmar.
Algoritmar blir gjerne brukte til å sortere store datamengder. Søkjemotoren til Google har ein algoritme som leitar fram og sorterer ut informasjon som du får lista opp når du gjer eit søk. Søkjemotoren vil òg samle inn data om kva du søkjer etter. Algoritmane blir stadig forbetra for å kunne gi deg dei mest relevante treffa på det du søkjer på.
Mange nettenester bruker sporingsteknologi, som nettkapslar (såkalla cookies), stadtenester på mobilen din, wifi, Bluetooth og nettvardar. Om du besøkjer ei nettside, vil sida registrere at du er der. Sporinga blir så brukt i ein algoritme. Algoritmar hentar informasjon om deg frå mange ulike kjelder. Denne store og komplekse datamengda blir ofte kalla stordata eller «big data».
Stordata blir brukt av mange verksemder for å skreddarsy reklame og tilpasse produktet dei har, til oss forbrukarar. Det betyr til dømes at Google bruker informasjonen dei får når du gjer nettsøk, til å skreddarsy annonsane du får opp når du besøkjer ein nettstad. Har du søkt på ordet «treningsbag», vil det truleg dukke opp annonsar for treningsbagar på nettstadene du besøkjer i etterkant.
Lenge var det berre rørslene våre på nett som vart registrerte. Utbreiinga av smartare mobiltelefonar og andre einingar som vi heile tida har med oss, har likevel endra dette. Mobiltelefonane gjer det mogleg å spore oss òg i den fysiske verda. Saman med sporingsteknologien blir opplysningar om interessene dine ein reiskap knytt til algoritmar og marknadsføring. Går du til dømes inn i ein sportsbutikk, kan du kanskje få ein SMS som fortel at butikken har tilbod på treningsbagar.
Algoritmar kan altså brukast for å løyse små og store oppgåver. Det er vi menneske som gir datamaskinen instruksar gjennom «oppskriftene» vi lagar, og det er vi som styrer kva sluttproduktet skal bli. Algoritmane blir stadig meir avanserte, men kor gode kan dei bli?
Det blir no utvikla program som får datamaskinar til å lære, og til å utvikle sine eigne reglar, ein såkalla kunstig intelligens som ofte blir referert til som AI (artificial intelligence), eller KI på norsk. Kunstig intelligens handlar om å sortere data og løyse problem gjennom bruk av teknologi.
Sveinbjørnsson, Sigvald. (2013, 1. august). Hva kan Big Data gjøre for oss? Henta frå: https://www.digi.no/artikler/hva-kan-big-data-gjore-for-oss/289033
Datatilsynet. (2016, 1. desember). Sporing i det offentlege rommet. Henta frå: https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-verktoy/rapporter-og-utredninger/sporing-i-det-offentlige-rom/
Dahle, Lars Gunnar og Universitetet i Stavanger. (2016, 21. desember). Slik finner søkemotorene det de tror passer for deg. Henta frå: https://forskning.no/partner-informasjonsteknologi-universitetet-i-stavanger/slik-finner-sokemotorene-det-de-tror-passer-for-deg/376015
Wikipedia. (2020, 14. januar). Kunstig intelligens. Henta frå: https://no.wikipedia.org/wiki/kunstig_intelligens