Programmatisk annonsering
Programmatisk annonsering er automatisert kjøp av nettannonsar. Dette kan skje via digitale annonseplattformer, som til dømes Googles annonsesystem AdWords. Delta Projects, DV360 og Adform er andre døme på annonseplattformer for programmatisk annonsering.
Annonseplassar blir lagde ut for sal via annonseplattformer. Annonsørar kan leggje inn bod på kva dei ønskjer å betale for ei visning, basert på eigne kriterium. Når alle kriteria for kjøpet stemmer, vil kjøpet skje automatisk og annonsen bli vist i sanntid.
Tidlegare har annonsørar kjøpt annonseplass på nettsider som annonsøren håper at målgruppa besøkjer. Med programmatisk annonsering vil annonsen automatisk plasserast der målgruppa faktisk er – berekna ut frå innsamla informasjon om brukarar.
Så når du les ei nettavis neste gong, vit at det gjerne ikkje er tilfeldig kva annonsar som kjem opp rundt artikkelen.
Annonsørar som vil kjøpe programmatisk annonsering gjennom til dømes Schibsted, kan kjøpe ei viss mengd visningar, anten i éin kanal eller i ulike kanalar på tvers av plattformer. Kostnaden for annonseplasseringa går føre seg i sanntid, basert på det budsjettet som annonsøren har bestemt seg for å bruke.
Sindre Gravir, som per 2021 er administrerande direktør i finn.no, fortel:
Viss til dømes Volvo vil marknadsføre den nye SUV-en sin, kan dei kjøpe «SUV-interesserte brukarar på tvers av plattformer». Då vil annonsen dukke opp på Schibsteds nettsider for alle brukarar som matchar kriteria for SUV-interesse, om personen sit i Oslo og les aftenposten.no, i Bergen og les bt.no eller i Finnmark og legg inn annonse på finn.no.
Tenk over
Programmatisk annonsering kan bidra til at målgruppa opplever annonseringa som meir relevant. Kva andre fordelar tenkjer du programmatisk annonsering kan ha, både for oss forbrukarar og annonsørane?
Drøft fordelar og ulemper med programmatisk annonsering for mediebransjen.
Nordhelle, Christian. (2020, 17. november). Kva er programmatisk annonsering? Henta frå: https://blogg.markedspartner.no/hva-er-programmatisk-annonsering-enkelt-forklart-uten-nerdeprat