Viral spreiing av marknadskommunikasjon
Sosiale medium er effektive kommunikasjonskanalar. Dei som lykkast med å få mottakarar til å dele innhald på sosiale medium, oppnår viral spreiing av innhaldet sitt. Uttrykket "viral" spring ut frå at ein vellykka viral kampanje spreier seg som eit virus.
For dei som lykkast med viral spreiing av bodskapen sin, er dette ein smart, effektiv og billeg måte å jobbe med marknadskommunikasjon på. Viss du treffer målgruppa, kan effekten bli formidabel. Bodskapen blir spreidd som eld i tørt gras og kan bli ein marknadsføringssuksess.
Tenk over
Kan du kome på nokon døme på virale marknadsføringssuksessar?
Pleier du å like eller dele reklame i sosiale medium? Kvifor / kvifor ikkje?
Har du venner som pleier å like eller dele reklame i sosiale medium, slik at reklamane dukkar opp i din feed? Har du i så fall gjort deg opp nokon tankar rundt det?
Stadig fleire blokkerer nettannonsar og web-banner frå å dukke opp i nettlesarane sine. Samtidig aukar den bruken av sosiale plattformer som har som formål å ha samhandling og kommunikasjon med andre. Marknadsførarar veit å nytte seg av dette. Via sosiale medium kan kommersielle og ikkje-kommersielle aktørar skreddarsy innhald til dei rette mottakarane.
Sidan sosiale medium består av personlege, interaktive plattformer, får ulike målgrupper ulikt innhald, avhengig av kjønn, alder og interesser. Reklamane du ser i Facebook-feeden din, er til dømes i stor grad basert på aktiviteten din på internett, og er eit forsøk på å tilpasse innhaldet til deg personleg.
Tenk over
Synest du reklamane du får servert i sosiale medium, passar til deg?
Det blir ofte retta kritikk mot marknadsføring i sosiale medium. Kritikken går ut på at reklame kan opplevast som skjult og dermed vanskeleg å identifisere. I 2016 meinte nesten ein tredel av ungdommane i Barn og medier-undersøkinga at dei nokre gonger syntest det var vanskeleg å vite kva som er reklame, på internett, i bloggar og på sosiale medium. Når du bruker sosiale medium, bør du derfor vere bevisst korleis ulike aktørar kommuniserer og kritisk vurdere kva mål avsendaren har med innhaldet.
Sosiale medium gir brukaren moglegheit både til å vere mottakar av ein bodskap og til å bidra til å generere, publisere og dele innhald. Bruken av sosiale medium har gitt marknadsførarar verktøy for å spreie innhaldet sitt til mange. To vanlege verkemiddel som marknadsførarar nyttar seg av for å nå publikummet sitt på sosiale medium, er:
- innhald som oppmodar til handling
- sponsa innhald formidla av personar med innverknad
Du har sikkert blitt oppmoda mange gonger til å like og dele ei side med andre. Marknadsførarar er ute etter alt frå ein "like" til at mottakarane svarer på gitte oppgåver og konkurransar. Denne forma for marknadsføring er svært effektiv, og blir brukt både av kommersielle, velgjerande og private aktørar for å gjere drifta av verksemda lønnsam.
Tenk over
Kva for nokre sosiale medium nyttar du deg av?
Kva for nokre sosiale medium synest du eignar seg best til viral spreiing av innhald, og kvifor?
Instagram blei lansert i 2010. I 2012 kjøpte Facebook Instagram, og sidan den gong har det vore ei enorm utvikling av sosiale medium. Korleis får Instagram så mange av oss til å bruke så mykje tid på dei? Korleis er Instagram ein marknadsplass for viral spreiing av marknadskommunikasjon? Dette kan du høyre meir om i Aftenpostens podkast Forklart, episode 506 "Ti år med Instagram: Slik har appen endret internett".