Oppgåve
Marknadskommunikasjon av fotballsko
I denne oppgåva skal du, med bakgrunn i ein film, svare på spørsmål om marknadskommunikasjon av fotballsko og om Torshov Sports kommunikasjonsstrategi.
- Sjå filmen over og forklar kva som blir meint med kommunikasjonskanalar, og med omgrepa personleg kommunikasjon og massekommunikasjon.
- Forklar kva som blir meint med kjøpte, eigde og fortente kanalar.
- Kva kommunikasjonskanalar nyttar Torshov Sport i marknadskommunikasjonen sin?
- Forklar kommunikasjonsprosessen som skjer i filmen ovanfor, ved hjelp av Lasswells hugseregel for kommunikasjonsanalyse: «Kven seier kva, til kven, gjennom kva kanal og med kva verknad?»
- Forklar AIDAS-modellen, og nytt døme frå filmen.
- Gjer greie for korleis influensarmarknadsføring kan vere aktuelt i marknadskommunikasjon av fotballsko.
- Vurder korleis Torshov Sport kan nytte programmatisk annonsering og algoritmar i marknadskommunikasjonen sin. Vil du tilrå Torshov Sport dette? Grunngi svaret ditt.