Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulike former for kommunikasjon

Kommunikasjon blir påverka av avsendar, målgruppe og formål. Bedrifter kommuniserer ofte ulikt til ulike aldersgrupper, og den formelle kommunikasjonen er annleis enn den uformelle kommunikasjonen. Formålet med kommunikasjon er avgjerande, og informasjon og marknadsføring blir derfor utforma ulikt.

Formell og uformell kommunikasjon

Vi kommuniserer mykje, også uformelt. Vi bruker chat eller nettprat, Facebook og Twitter. Det er viktig at du er klar over kva rolle du har når du kommuniserer. Skriv du på vegner av bedrifta, eller er du privatperson?

Formell kommunikasjon

Formell kommunikasjon er styrt av reglar. Du må kjenne desse reglane når du skal kommunisere formelt. Til dømes er det bestemte reglar for korleis eit formelt brev eller eit offentleg dokument skal setjast opp. Når du skal skrive eit slikt dokument, må du undersøkje kva for reglar som gjeld.

Uformell kommunikasjon

Uformell kommunikasjon er ikkje styrt av reglar på same måten som formell kommunikasjon. Du kan til dømes ha ein uhøgtidleg og humoristisk tone i eit informasjonsskriv til andre tilsette i bedrifta.

I marknadsføring av produkt til kundar kan bedrifta òg vere uformell og kreativ. Målet med marknadsføring er jo å selje produkt.

Brev

Brevpost eignar seg godt til formell kommunikasjon. Du må tenkje gjennom oppsettet på brevet med adresser, dato og stad, innhald og avslutning. Vi bruker eit bestemt oppsett til formelle brev, og det er viktig at dette blir følgt nøye. Brev blir gjerne brukt til søknader og kontraktar, til dømes.

Relatert innhald

E-post

I forretningslivet blir e-post ofte brukt til å sende over brev og andre dokument elektronisk. Ver medviten om kven du skriv til. I mange samanhengar er det nødvendig å halde ein formell tone sjølv om det «berre» er noko du skriv på ein pc og sender av garde.

Relatert innhald

Chat eller nettprat

Chat eller nettprat er ein direkte samtale der du ofte kan behalde ei utskrift etterpå. Her er det rom for å vere meir uformell i tonen. Ver merksam på at eit tilbod er gyldig sjølv om det kjem litt tilfeldig inn i ein nettprat. Ikkje lov meir enn du kan halde!

Facebook og Twitter og andre sosiale medium

Facebook og Twitter er kanalar som mange bedrifter bruker for å ha ein kontinuerleg dialog med kundar. Ofte blir kundane inviterte til å kome med synspunkt på produkt eller bedrifta samla sett. Skal du skrive på ei slik side i profesjonell samanheng, er det viktig å hugse at du representerer bedrifta, og at svært mange følgjer med på kva som blir sagt. Viss bedrifta ønskjer å bruke Facebook aktivt, kan det òg vere eit poeng å tenkje gjennom kva kundane er interesserte i.

Snapchat, Instagram og TikTok er døme på andre sosiale medium i stor vekst.

Eit godt råd er: Les alltid korrektur! Bruk gjerne retteprogrammet først, men les alltid over det du skal sende frå deg.