Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadskommunikasjon for New Smoothie Energy

I denne oppgåva skal du tilrå kva for ein eller kva for nokre kommunikasjonskanalar du ville ha nytta i marknadskommunikasjonen for ei tenkt ny bedrift med namnet New Smoothie Energy.
Stort glass med hank som inneheld grøn drikke. I bakgrunnen er det blomstrar og grøne blader. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du får ansvar for marknadskommunikasjonen for ei tenkt ny bedrift med namnet New Smoothie Energy.

Verksemda skal lansere eit nytt produkt som følgjer ein trend i tida med sunn og naturleg mat. Smoothien er ein ferdigdrikk laga med bær og spinat, og han er i tillegg tilsett ekstra vitamin og protein. Smoothien blir selt i ei resirkulert flaske.

New Smoothie Energy meiner at smoothien deira har eit konkurransefortrinn med det høge innhaldet av protein og vitamin. Smoothien passar fint som eit mellommåltid og til å nyte etter trening.

Ta i bruk dei føresetnadene du meiner er naudsynte for å svare på oppgåva.

Oppgåve:

  1. Vurder, drøft og tilrå kva for ein eller kva for nokre kommunikasjonskanalar du ville ha nytta i marknadskommunikasjonen for New Smoothie Energy.
  2. Utarbeid forslag til marknadskommunikasjon for New Smoothie Energy. Nytt deg gjerne av det tilrådde gratisverktøyet Canva, som har malar for mellom anna annonsar på sosiale medium, brosjyrar og plakatar. Utarbeid gjerne forslag til logo òg.
Tilrådd verktøy

Canva

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon i ulike kanalar