Hopp til innhald

Fagstoff

Målgrupper og målgruppeval

Kva er ei målgruppe, og kvifor er det viktig å identifisere og ha kjennskap til målgrupper? Korleis kan ei verksemd kommunisere for å nå ut til ei eller fleire målgrupper?
Ungdommsr sett ovanfrå sitter rundt ei teikna målskive med sirklar rundt ei raud kule. Frå ungdommane og inn til målskiva peikar det piler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ei målgruppe er ei gruppe personar som ei verksemd vender seg til med produkta, serviceytingane eller bodskapane sine. Ei verksemd kan ha ei eller fleire målgrupper som ho ønskjer å nå med ulike konkurransemiddel.

Ved at verksemda identifiserer og gjer seg kjend med målgruppa, vil ho betre kunne lykkast i arbeidet med marknadskommunikasjon og andre konkurransemiddel.

Når det er fleire målgrupper inne i biletet, blir dei ofte delte inn i primærmålgruppe og sekundærmålgruppe. Den primære målgruppa er den hovudmålgruppa du hovudsakleg siktar etter.

Battery

Tenk over

Kven trur du er primærmålgruppa til energidrikken Battery?

I 2016 ønskte Ringnes å nå ut til ei ny og meir vaksen målgruppe med marknadskommunikasjonen sin av energidrikken Battery. Under kan du sjå ein reklamefilm som vart laga i samband med dette:

Samandrag av reklamefilmen

I reklamefilmen for Battery energidrikk følger vi ei travel mor som balanserer ein hektisk kvardag. Vi ser henne i situasjonar der ho køyrer barna til skulen, er på jobb og gjer husarbeid. Undervegs i filmen ser vi kvinna opne ein boks med Battery energidrikk, for så å halde fram den hektiske kvardagen sin med jobb og familieliv. I tillegg tek ho seg ein joggetur.

Tenk over

Trur du Ringnes lykkast i å nå ut til ei ny sekundærmålgruppe med denne reklamefilmen? Kvifor / kvifor ikkje?

Dove

Merkevara Dove, som mellom anna har ulike hudpleieprodukt i produktsortimentet sitt, har med sin "campaign for real beauty" selt ideen om at venleik er individuelt. Målgruppa kan beskrivast som kvinner og jenter som skal sjå venleik som ei kjelde til sjølvtillit, ikkje til bekymring. Ta ein kikk på denne reklamefilmen frå Dove, som elles er ein av dei mest sette reklamefilmane på YouTube gjennom tidene:

Samandrag av reklamefilmen

Reklamefilmen viser ei ung kvinne som i eit modelloppdrag går gjennom ein transformasjon ved bruk av sminke og ulike digitale manipulasjonar. Prosessen i reklamefilmen blir vist i eit intervallfotografert format. Her blir den store kontrasten mellom starten og det sterkt redigerte biletet til slutt framheva. Reklamefilmen utfordrar skjønnheitsideal skapt av media.

Noregs første Instagram-bok

I 2020 gav Gyldendal forlag ut den første Instagram-boka si, Dette blir mellom oss, skrive av Alexander Kielland Krag. Målgruppa romanen vender seg til, er i hovudsak ungdom og unge vaksne i alderen 15 til 25 år. Boka blir publisert i "stories", eller kapittel, som inneheld tekst, bilete og filmklipp. Boka er å finne på Instagram-kontoen @dbmo_2020.

Tenk over

Kva tenkjer du om at Gyldendal går nye vegar for å nå ei ung målgruppe?

NRK

NRK har eit mangfaldig tilbod på tradisjonelle plattformer som TV og radio, og også via nett, sosiale medium og mobiltelefon. NRK tilbyr innhald via ulike kanalar og program som ønskjer å nå ut til ulike målgrupper.

Eitt døme er NRK Super, som tilbyr ein serie for barn ved namn Karsten og Petra. Serien er laga primært for barn mellom to og tolv år.

Eit anna døme er NRK-serien SKAM, som i utgangspunktet retta seg mot ei ung målgruppe, og som i tillegg lykkast i å fange eit breiare publikum.

I videoen nedanfor fortel Ingerid Nordstrand om korleis NRK jobbar med målgrupper:

Tenk over

Kva meiner du er det viktigaste av det Ingerid Nordstrand fortalde om NRKs arbeid med målgrupper?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon i ulike kanalar