Hopp til innhald

Fagstoff

Naturen i samisk kultur

Jobb tverrfagleg og utforsk naturferdsel og synet på naturen i samisk kultur.
Ein mann i samisk kofte sit på kne i snøen og spikkar på ei grein framfor ein reinsdyrflokk.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Til læraren

Dette er ein ressurs der det er mogleg å jobbe tverrfagleg med fleire fag, først og fremst kroppsøving og samfunnskunnskap, men òg historie, religion og norsk. Programfag innanfor naturbruk og sal og reiseliv er også aktuelle.

For å få ei betre forståing av samisk historie, kultur og tradisjon er det nødvendig å jobbe med temaet i fleire fag. For å setje seg inn i korleis det er å vere same i dag, må ein òg vite noko om den historiske bakgrunnen til samane. I dag kan det innimellom vere vanskeleg å vere ein del av ein minoritet. Det gjer det endå viktigare å jobbe med å forstå korleis andre har og har hatt det.

Vi tilrår at du først les fagartikkelen "Kven er samane?". Då får du nok bakgrunnsinformasjon til å forstå kva naturen betyr i samisk kultur.

I kroppsøving er eit av måla med faget at ein skal anerkjenne ulikskapar og inkludere alle. Det står under kjerneelementet deltaking og samspel i bevegelsesaktivitetar. Elevane skal òg oppleve ulike kulturar innan friluftsliv, inkludert aktivitetar knytte til samisk kultur. Det finn ein under kjerneelementet uteaktivitet og naturferdsel. Begge desse måla er aktuelle her.

Formålet med opplegget er å lære om samisk kultur knytt til naturferdsel. Det er mykje i samisk kultur og natur det er nyttig å lære. Denne kunnskapen har delvis forsvunne gjennom fornorskingspolitikken, og derfor er det viktig å få det inn som ein del av undervisninga i skulen. Nedst på sida vil du finne forslag til korleis du kan bruke dette i praktisk undervisning.

Oppgåve 4 og delen om bål er direkte knytte opp mot fagdag i naturferdsel for vg2 og vg3.

Naturen eller mennesket i sentrum?

Naturen i sentrum

Naturen har alltid vore sentralt for samefolket. Eit slikt natursyn er felles for alle urfolk og inneber at menneska tilpassar seg naturen, ikkje omvendt. Samane har til alle tider vore avhengige av naturen for å leve, for å sanke ved, plantar og vekstar, jakte (mellom anna snarefangst), hauste bær og sopp, fiske og drive med rein. Dei som driv med rein, må framleis tilpasse seg naturen, sidan alt går føre seg utandørs saman med reinsdyra.

Sidan samane har vore avhengige av naturen, har dei vorte vande til at naturen formar ut spelereglane, og at dei må tilpasse seg for å overleve. For å klare dette har dei lært å "lese" naturen og bli kjende med han for å betre kunne handtere han til alle årstider og under alle vêrforhold. Når ein er avhengig av naturen for å overleve, må ein ut uansett vêr. Då kan ein ikkje sitje inne fordi det regnar, snør eller blæs. Konsekvensen av det vil vere at familien ikkje får mat, noko som aldri vil vere eit alternativ. Slik har eit arktisk klima med mykje vêr og vind gjort samane til robuste menneske. Birgen betyr "å klare seg" på nordsamisk. Frå barna er små, er dei med på ulike aktivitetar for å lære seg å klare seg sjølve og å meistre livet.

Birgen

Birgen, eller birgejupmi, som betyr "å klare seg", er ein slags tradisjonell filosofi som inneber at ein klarer å leve av naturressursane. Dette kan ein praktisere gjennom ulike aktivitetar, og barn øver seg på å klare seg sjølve og meistre livet frå dei er små. Dette gjeld til dømes bruk av kniv, fiske og bålfyring. Frå barna går i barnehagen, lærer dei å bruke kniv. Dei lærer òg kva i naturen dei kan bruke for å tenne bål.

For barn i familiar som driv med rein, er det mellom anna vanleg å drive med lassokasting frå ung alder slik at dei kan bruke dette vidare i livet med reindrift.

Elles har barn tileigna seg respekt for naturen gjennom ulike mytologiske leikar med til dømes Stállu, der dei lærer korleis dei skal "oppføre seg" i naturen. Om ein ikkje oppfører seg ordentleg, kan ein risikere å hamne hos "dei underjordiske".

Det er òg vanleg at barn får delta på ulike aktivitetar som har med hausting å gjere. Dei får ansvar for noko dei kan få til, til dømes vedsanking, reinslakt, fiske eller stell av husdyr.

Mennesket i sentrum

Det å setje naturen i sentrum står i sterk kontrast til den moderne vestlege verda, der mennesket er i sentrum og alt blir tilpassa mennesket sitt behov. Der mennesket er i sentrum, bruker ein skog og andre naturområde til kraftutbygging og bygger veg, hytter og annan fordi det passar mennesket.

Samane er òg ein del av den moderne vestlege verda. Dei bur i moderne hus og har behov for infrastruktur. Likevel har dei eit stort hjarte for naturen. Naturen er framleis ein veldig viktig del av liva og filosofien deira, der hausting, jakt og forvaltning av naturressursar er ein del av kulturen.

Forvaltning av naturressursar

For samane er det viktig at naturressursane blir forvalta på ein måte som gjer at dei som kjem etter, får nyttiggjort seg ressursane slik generasjonen før gjer, at naturressursane ikkje blir brukte opp. Reint konkret kjem dette tydeleg fram når samane slaktar dyr. Alt på dyret blir brukt til mat og handverk – duodji. Det er òg tydeleg når det gjeld spor i naturen.

Sporlaus ferdsel

Sporlaus ferdsel er eit omgrep som er lite brukt i samisk kultur. Sporlaus ferdsel i norsk samanheng handlar om at ein ikkje skal etterlate seg spor når ein har vore ute i naturen. Samane meiner at det ikkje er mogleg å unngå å lage spor. Sjølvsagt skal ein rydde opp etter seg og ta med søppel, papir og andre eigedelar, og ein skal ikkje gjere inngrep i naturen, men når det gjeld bålplass, tenker samane litt annleis enn mange nordmenn. I staden for å rydde opp og fjerne alle restar etter bål vil samane sløkke bålet og la bålplassen vere slik at dei kan bruke han seinare. Alle familiar og siidaer har sin eigen bålplass, og av respekt for andre bruker ein ikkje bålplassen til andre. I tillegg er samane opptekne av å bruke dei same stiane og ferdselsårene i staden for å lage nye eller gå rundt. Dei har òg sine eigne lavvoplassar og gammeplassar.

Slik er naturen ein del av bakgarden og ikkje berre eit bortgøymt rom for rekreasjon som ein bruker innimellom.

Samisk tid

Ein naturleg del av det å leve i pakt med naturen er korleis samane tek omsyn til tida og klokka. Når samane flyttar rein, fiskar, haustar eller sankar, speler det inga rolle kor lang tid det tek, eller kor mykje klokka er når ein startar og sluttar. Det ein treng å gjere, tek den tida det tek, og denne tida avheng av vêret, føret, reinen og mengda bær, sopp, fisk og rype. Ein held på så lenge det er nødvendig og aksepterer at ein skal drive på til ein er ferdig. Ein blir konsentrert om det som skjer og er til stades i det ein gjer. Tida kjem, ho går ikkje.

Å ikkje vere så oppteken av tida kan vere ei utfordring for mange i den moderne vestlege delen av verda. Kvifor trur du det er slik?

Ordliste
NordsamiskSørsamiskLulesamiskNorsk

birgen, birget

bearkadidhbierggitå klare seg
StálluStaaloeStállomytisk figur i samisk folketru
duodjiduedtie, vætnoeduodjesamisk tradisjonshandverk/ kunsthandverk
siidasïjtesijdda gruppe med reineigarar som samarbeider, storfamilie i reindrift

árran

aernieárram eldstad
dolastallan

dållem bïejedh (tenne bål)

dålliditå ha eit bål
goathiderhvie-gåetiegábmágamme
lávvu låavth-gåetie låvdagoahte lavvo
verdde, verddevuohtavoelpe (venn), vietseles (vennleg)rájdde, rájddevuohtagjestevenn, samarbeids- og vennskapsforhold

Oppgåver

1. Tenk etter

  1. Korleis ser du på naturen? Er naturen i sentrum, eller er mennesket (du) i sentrum? Grunngi svaret ditt.

  2. Kva gjer du for å kople av frå kvardagen og unngå å sjå på klokka når du er ute i naturen?

  3. Korleis kan vi oppmode andre til å bruke naturen til å kople av frå kvardagen?

  4. Kva delar av det samiske perspektivet på naturen meiner du kan vere nyttig for/i nærmiljøet ditt?

2. Diskuter to og to

  • Har du og familien din eigen bålplass? Grunngi svaret.

  • Kan alle ha sin eigen bålplass? Grunngi svaret.

3. Identitet

  1. Sjå denne filmen om identitet og levesett i Sápmi.

  2. Kva likskapar ser du mellom Lávre Johan, Andrea Marie og Inga Marja?

  3. Andrea Marie seier at ho er nøydd til å hente dei samiske elementa sjølv. Kva trur du ho meiner med det?

  4. Korleis trur du praktisering av ulike samiske aktivitetar kan påverke identiteten?

  5. Korleis trur du aktivitetane du held på med, påverkar identiteten din?

4. Fagdag i naturferdsel – bål

Eitt av læringsmåla for fagdagane i naturferdsel på både vg1, vg2 og vg3 er at du skal fyre bål.

Bålet symboliserer mykje i samisk kultur. Det er viktig som varmekjelde, for å lage mat og for å konservere og røyke mat. Ser du bål ute i naturen, er det lettare å skjønne kvar du er. Rituelt er bålet knytt til den gamle samiske religionen, for samiske gudinner er under árran – eldstaden. Bålet gir ein stad å kople av, men òg ein stad for sosialt samvær. Dette kjem mellom anna fram i det nordsamiske ordet dolastallan, som betyr "å ha eit bål". Bålet har vore og er framleis sentralt i den samiske innreiinga av lávvu og goahti – gammen. Der er bålet i midten. Av respekt for dei som har ferdast og opphalde seg i naturen tidlegare, er det vanleg å spørje om lov for å opphalde seg på ein plass og å ha eit bål.

  1. Synest du det er naturleg eller unaturleg å spørje om lov for å fyre eller tenne bål?

  2. Korleis kan du ta med deg denne informasjonen om bål inn i førebuinga av turen du skal på (vg2 og vg3)?

  3. Er det noko du vil gjere annleis etter at du har lese om kva betydning bålet har i samisk kultur?

Bålstafett

Førebuing

Denne aktiviteten passar uansett kva du kan om bålfyring frå før. Om du aldri har fyrt bål sjølv, kan det vere lurt å på førehand sjå videoen i fagartikkelen om bålfyring.

Del dykk inn i lag med fem–seks personar på kvart lag. Det er om å gjere å tenne eit bål og koke vatn på bålet først.

Utstyr

  • vedkubbar og eit par kubbar oppkløyvd ved

  • stor kniv eller øks

  • fyrstikker (eller tennstål)

  • kaffikjele

  • ause (til å ause vatn opp i kaffikjelen med)

Utfordringa kan gjerast vanskelegare ved at de må samle veden i naturen sjølve.

Reglar

  • To personar på laget samarbeider på kvar "etappe".

  • Når de skal hente ting, får de berre lov til å hente ein ting i kvar hand kvar gong.

  • Kvart par jobbar i eitt minutt før de byter med eit nytt par.

  • De bestemmer sjølve i kva rekkefølge de ønsker å gjere ting.

  • Vinnarlaget er kåra når vatnet i kjelen koker over. Det er derfor lurt å fylle kaffikjelen heilt full med vatn før de set han på bålet.

Lærarar ved Samisk videregående skole Karasjok har bidrege i arbeidet med denne ressursen.

Kjelder

Berg-Nordlie, M. & Gaski, H. (2022, 7. mars). Samer. I Store norske leksikon. https://snl.no/samer

Gaup, I. M. E. (2020, 5. mai). Reindrift i dei arktiske områda. NDLA. https://ndla.no/subject:13/topic:1:184611/topic:e07b93f4-e32f-4a14-bc6a-77acd23b063f/

Rudi, I. B. (2020, 28. januar). Samane – minoritet i eige land. NDLA. https://ndla.no/subject:1:470720f9-6b03-40cb-ab58-e3e130803578/topic:1:00018b29-3b51-478d-a691-20732e0601fd/topic:1:fe5b19ec-19cc-47c2-9ab2-47ce58c9cb9f/resource:e150043b-bda2-4fdf-b805-9201e99c66bb

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly og Jørn Mikael Eriksen Engstad.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2023

Læringsressursar

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?