Hopp til innhald
Fagartikkel

Å skilje mellom kultur og individ

Vi har lett for å setje folk i bås og karakterisere grupper av menneske eller innbyggjarar frå ulike stader: «Det er typisk for …» og så vidare. Som vertskap må vi unngå slike karakteristikkar og behandle gjestene våre som enkeltindivid.

Fordommar og stereotype haldningar

Når vi tek imot utanlandske gjester, er det viktig å tenkje på at det blir feil å karakterisere heile befolkningsgrupper, til dømes å seie at «det er typisk britisk å oppføre seg sånn», eller at «dette er typisk for indiske turistar». Gjennom slike utsegner formidlar vi eit fordomsfullt og stereotypt bilete av bestemte grupper menneske.

Under oppveksten kan vi gjennom media og det vi høyrer rundt oss, bli opplærte til å tenkje at alle grupperingar i samfunnet og i andre kulturar oppfører seg på visse måtar.

Slike stereotype oppfatningar er ofte feil og misvisande, men dei kan også ha eit snev av sanning i seg. Det er til dømes vanleg å rape etter eit måltid i Kina, men det er ikkje det same som at alle kinesarar gjer det!

Typisk norsk?

«Noreg – vogga til skisporten» og «nordmenn er fødde med ski på beina» er døme på ei litt stereotyp oppfatning av nordmenn. Samtidig blir utsegnene brukte som eit positivt element i marknadsføringa av Noreg som turistmål.

Tilnærming og tilpassing

Befolkninga i andre land og verdsdelar har også opna auga for resten av verda. I Noreg er det mange utlendingar. Somme er studentar, andre er sesongarbeidarar, nokre er gifte med nordmenn.

Nordmenn er kjende for å vere vanskelege å kome inn på. Vi blir sette på som kalde og inneslutta. Vi som er norske, meiner nok at dette ikkje er tilfellet, men det kan vere vanskeleg å finne innpass i det norske samfunnet. Mange utanlandske studentar har derfor ein tendens til å vere mest saman med andre studentar frå heimlandet sitt. Innvandrarar søkjer gjerne opp andre innvandrarar frå same landet for å finne tilhøyrsle i Noreg.

Kva kan vi som nordmenn gjere for at desse gruppene skal kjenne seg meir velkomne?

Tenk over

Besøkjer vi Kina, opplever vi kanskje at kinesarar også har si oppfatning av oss som er norske, til dømes at vi alle drikk mjølk og er rike. Dette stemmer ikkje alltid med verkelegheita.