Hopp til innhald
Filmklipp

Film om samisk kultur som reisemål

I denne filmen ser vi korleis Mollisjok Fjellstue bruker samisk kultur som ein opplevingsattraksjon for turistar. Dei gir turistar eit innblikk i samisk kultur gjennom aktivitetar som å lese teikn i naturen, drive isfiske, fange ryper med snarer og lage samisk mat.
Per Edvard Johnsen, arbeidande styreleiar ved Mollisjok Fjellstue, og Ann Jorid Pedersen, reiselivsrådgivar, fortel om fjellstova og om korleis familien Johnsen har utvikla eit reiselivsprodukt som er bygd opp rundt den samiske kulturen og samiske tradisjonar. Video: Cylinder Production AS / CC BY-ND 4.0