Korleis skape gode reiselivsopplevingar med kultur, natur og geografi?
Å leggje til rette for at turistar skal få minneverdige opplevingar, er kanskje den viktigaste oppgåva i opplevingsdesign, sidan dette er avgjerande for å få gode omtaler, nye besøk og større betalingsvilje.
Når du skal designe reiselivsopplevingar, er det viktig å følgje med på trendane. I dag er mange turistar meir opptekne av minneverdige og meiningsfulle opplevingar enn før. Dei ønskjer opplevingar som involverer dei og engasjerer dei kjenslemessig. Mange ønskjer òg å lære noko nytt eller bli betre i noko som interesserer dei.
Det er viktig å hugse på at du ikkje kan designe turistane si oppleving av aktiviteten – sjølve opplevinga tilhøyrer turistane sjølv. Jobben din som reiselivsaktør handlar om å leggje til rette for å skape eit "opplevingsrom" som involverer og engasjerer turistane.
"Triggarar" som bidreg til å involvere turistane
Faktorar som kan bidra til å involvere og engasjere turistane, kallar vi "triggarar". I arbeidet med å skape gode og minneverdige reiselivsopplevingar må du som reiselivsaktør vere klar over kva faktorar som fungerer som "triggarar".
Døme på "triggarar":
fysiske og intellektuelle utfordringar
bruk av eigen fantasi
lagkjensle
sosial støtte
overraskingar
bruk av eigne ferdigheiter
Når du skal utvikle reiselivsopplevingar, bør du prøve å inkludere fleire "triggarar" for å involvere deltakarane mest mogleg.
Bruk av dramaturgikurve i opplevingsdesign
Når vi skal designe ei reiselivsoppleving, kan vi nytte nokre av dei same prinsippa som inngår i oppbygginga av noveller, filmar og teaterstykke. Vi treng ein introduksjon, fordjuping, høgdepunkt og ei avslutning. Dette kan illustrerast ved hjelp av dramaturgi. For å halde på merksemda til turistane er det viktig at reiselivsopplevinga har ein godt gjennomtenkt oppbygning.
Figuren under viser korleis dramaturgien for ein fisketur med påfølgjande middag kan sjå ut. Ved framkomsten får turistane utlevert utstyret dei treng, og dei får ei kort opplæring. Det første høgdepunktet er fangstaugneblinken. Deretter blir dei tekne med til eit fiskemottak og eit gammalt trandamperi der dei lærer om vidare foredling av fisken. Det neste høgdepunktet er middagen som dei lagar i fellesskap.
Tenk over
Kvifor kan det vere nyttig å teikne opp ei dramaturgisk tidslinje for ei reiselivsoppleving?
Kva tenkjer du kan vere "triggarar" som involverer og engasjerer turistane mest mogleg på ei reiselivsoppleving som ein fisketur med middag? Sjå på både dømet ovanfor og filmen nedanfor.