Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli ein opplevingsvert med Airbnb!

Airbnb er eit selskap som driv ein nettbasert marknadsplass for overnatting der folk kan leige ut heile eller delar av heimen sin. Men visste du at dei òg formidlar andre tenester, som du kan tene pengar på?
Heimesida til Airbnb, med teksten «Welcome Home» og søkefelt for bestilling. Bakgrunnsbiletet viser eit hus med to personar som klemmer på utsida, og ein person med koffert. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

nettsida til Airbnb finn du informasjon om korleis du kan bli vertskap for ei oppleving på Airbnb. Du kan faktisk tene pengar på å ta med turistar og andre på aktivitetar du elskar!

Oppgåve i grupper

  1. Les korleis de kan bli vertskap for ei oppleving på Airbnb.

  2. Diskuter kva aktivitetar de elskar, og som de kunne ha tenkt dykk å tilby på Airbnb. Det kan vere aktivitetar eller opplevingar som krev personleg oppmøte, eller som er nettbaserte.

  3. Bli einige om ein aktivitet eller ei oppleving.

  4. Lag ein plan for korleis den valde aktiviteten eller opplevinga kan bli ei reiselivsoppleving for andre. Planen må innehalde ei skildring av

    • temaet for opplevinga

    • kvalitetsstandardar for opplevinga

    Temaet kan til dømes vere natur, camping, dyr, kunst, kultur, sightseeing, sport, matlaging, matsafari, underhaldning eller noko anna. Kvalitetsstandardane skal beskrive ekspertisen dykkar, kva for nokre lokale sider ved aktiviteten dykkar som gir ei unik oppleving, og korleis de får deltakarane til å kjenne seg velkomne og trygge. Les meir om kvalitetsstandardane for opplevinga i den engelske artikkelen om dei tre grunnpilarane i ei god oppleving hos Airbnb.

  5. Lag ein presentasjon av forslaget dykkar. Hald presentasjonen for klassa og få tilbakemeldingar.

  6. Reflekter i fellesskap over fordelar og ulemper med sjølvstendige vertar for ulike aktivitetar og opplevingar i reiselivstilbodet. Ville de sjølve ha nytta dykk av eit slikt tilbod?


Ressursar for opplevingsvertar, airbnb.no

Meir informasjon om korleis de kan bli vertskap for ei reiselivsoppleving, finn de på Airbnbs side med
ressursar for opplevingsvertar
.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 13.03.2022

Læringsressursar

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?