Samisk kultur som reisemål
All kultur er i stadig endring, òg den samiske. Av over 50 000 samar i Noreg er vel 20 000 personar innskrivne i manntalet til Sametinget, og av desse bur flest i Tromsø kommune. Sjølv om mange samar bur i byar, er natur og kulturarven sjølve kjernen i det samiske reiselivsproduktet. Filmen over er eit godt døme på dette. På Mollisjok Fjellstue og Lodge inviterer dei turistar inn i ei reiselivsoppleving på premissane til naturen på vidda, med ryper, fisk og rein.
Samisk kulturarv
Sápmi er nemninga på det historiske busetjingsområdet til samane. Det består av dei nordlege delane av Noreg, Sverige, Finland og Russland. Den samiske kulturen er mangfaldig, med ulike språklege og kulturelle variasjonar. Felles er det sterke sambandet mellom mennesket og naturen.
Når vi snakkar om samisk kultur, tenker vi ofte på den tradisjonelle kulturen med
- reindrift
- samisk språk og joik
- samiske klede og sko
duodji, samisk brukskunst
- samisk mat
- Sametinget
den samiske nasjonaldagen (6. februar)
samisk flagg
Samane lever moderne liv i Sápmi i dag, men det betyr ikkje at dei har gløymt kvar dei kjem frå, eller kven dei er. Kulturarven kjem til syne òg gjennom moderne kulturuttrykk – i alt frå musikk til kunst og nyskapande design.
Den tradisjonelle joiken blir gjord meir kjend og tilgjengeleg gjennom artistar som Ella Marie Hætta Isaksen og Ida Marie i Stjernekamp, og rapartistar som SlinCraze.
Festivalen Riddu Riđđu, den internasjonale urfolksfestivalen som kvart år blir arrangert i Kåfjord i Nord-Troms, bidreg òg til å skape medvit og stoltheit rundt det samiske.
Sametinget og reiseliv
Sametinget definerer det samiske reiselivet som "reiseliv der samiske kulturelementer utgjør hovedelementet i virksomheten". I utviklinga av samiske reiselivsbedrifter og reiselivsopplevingar er det derfor viktig at den samiske kulturen blir formidla på ein måte som samane sjølve kjenner seg igjen i. Sametinget har støtteordningar som skal stimulere til etablering av fleire samiske heilårs reiselivsbedrifter.
Johtit
Johtit er eit nettverk av samiske opplevingsbedrifter, leidd av NordNorsk Reiseliv. Både den sjøsamiske og den reindriftssamiske kulturen er representert, i tillegg til eit mangfald av samiske språk med både sør- og nordsamisk og lulesamisk. Reiselivsbedriftene i nettverket tilbyr varierte opplevingar, overnatting, samiske måltid, kunst og kulturtradisjonar.
Norske Samers Riksforbund (NSR)
NSR er den største samiske organisasjonen i Noreg. Det er ei samanslutning av ulike sameforeiningar. NSR er representert på Sametinget og jobbar lokalt, allsamisk og internasjonalt for å styrke det samiske samfunnet og for å fremme samisk kultur. Dei jobbar mellom anna for å utvikle nye samiske reiselivsbedrifter og sjå til at det samiske reiselivet blir basert på autentisk samisk kultur.
Samipath
Samipath er ein familiedriven reiselivsaktør i Karasjok som tilbyr eit breitt spekter av aktivitetar heile året. Her kan du oppleve det fantastiske landskapet rundt Karasjok og lære om samisk kultur.
Mollisjok Fjellstue og Lodge
Mollisjok tilbyr ulike aktivitetar med utgangspunkt i den samiske kulturen. Du kan mellom anna vere med på vårflyttinga av rein frå Mollisjok til Snefjord, der du undervegs på den 230 km lange reisa bur i tradisjonelle lavvoar, fiskar og et lokal samisk mat.
Sámi Safari Camp
Sámi Safari Camp er ein lavvoglamping med open eld, bjørkeris og reinsdyrskinn på golvet. Denne samiske reiselivsbedrifta er bygd opp rundt det åndelege språket til samane – forteljingar og ritual. Gjestene får eit innblikk i korleis naturen står i sentrum for dei åndelege tradisjonane til samane.
Davvi Siida
Davvi Siida tilbyr reiselivsopplevingar i form av samiske matopplevingar, duodji (tradisjonelt samisk handverk) og historieforteljingar. Naturen er kulturen deira, og som gjest kan vi få ta del i livet og kulturarven deira.