Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsføringsoppdrag: samisk kultur som reisemål

I denne oppgåva skal de marknadsføre reiselivsopplevingar basert på samisk kultur ved å lage ein guide. De kan velje om de vil lage ein digital guide eller ein guide på papir.
Foto av samisk flagg som heng frå ein stolpe.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Lag ein guide som marknadsfører reiselivsopplevingar basert på samisk kultur.

    • Jobb saman to og to eller individuelt. Vel sjølve kva fylke eller område de vil fokusere på.

    • Guiden bør innehalde ulike overnattingsalternativ i tillegg til ei skildring av opplevingane.

    • Bruk internett som søkjekjelde. Tips til søkjeord: samisk reiseliv, samisk kulturarv, reiselivsopplevingar Nord-Noreg.

  2. Presenter guiden for kvarandre, og gi kvarandre tilbakemeldingar. Bruk tilbakemeldingane til å forbetre guiden dykkar.

  3. Del den ferdige guiden med kvarandre, og diskuter og reflekter over dei ulike reiselivsopplevingane.

Airbnb sine tips til ein flott guide
  1. Guiden må vere kortfatta. Det må vere lett for turistane å sjå gjennom forslaga dykkar, så hald kvar tilråding kort. Fortel gjerne litt om kvifor turistane bør prøve staden eller opplevingane de har valt ut.

  2. Gjer det personleg. Dei beste tilrådingane er baserte på personleg kunnskap og erfaring. Dersom de ikkje har det, må de lese dykk opp. Det er mykje informasjon på internett.

  3. Vis fram særpreget. Sørg for å nemne det som gjer at reiselivsopplevingane de har valt, skil seg ut. Det kan til dømes vere stille omgivnader, nordlys, magi, tradisjonar, kulturarv eller lokal mat.

  4. Legg til bilete! Finn og bruk interessante bilete for å gjere guiden engasjerande og levande.

Tips til digitale malar

Korleis lage digital brosjyre med mal frå Office 365

Kjelde

Airbnb.no. (u.å.). Lag en guide for å dele dine lokale tips. https://www.airbnb.no/resources/hosting-homes/a/create-a-guidebook-to-share-your-local-tips-23

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?