Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk kulturarv

Den samiske kulturarven er ein del av den norske kulturarven. Samtidig er samisk kultur ein eigen, mangfaldig kultur.
Tre samegutter i samekofter fra Karasjok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Urbefolkning

Kulturarven til vår er for mange ein viktig del av opplevinga av Noreg. Den sterke satsinga til reiselivet på berekraft og naturopplevingar er ei god ramme for å formidle samisk kulturarv. Samane er éin av fleire minoritetar i Noreg, men dei er i ei særstilling fordi dei er urbefolkninga i Noreg.

Karasjok museum
Opne bilete i eit nytt vindauge

Minoritet

Samane er ei urbefolkningsgruppe som har høyrt til i Noreg lenge før den norske staten blei oppretta. Dei står derfor i ei særstilling som minoritetsgruppe, med rettar som andre grupper i Noreg ikkje har. Det omfattar blant anna

  • rett til opplæring på eige språk
  • eige parlament (Sametinget)
  • radio- og fjernsynsstasjon med eigne sendingar
  • eigne samiske skular og samisk høgskule

Slik har det ikkje alltid vore. Den samiske befolkninga har vore utsett for undertrykking, mishandling og forsøk på fornorsking i lange periodar. I femtiåra blei samiske barn plasserte i internatskular der det ikkje var lov til å snakke anna enn norsk. I den perioden var det mange samar som ikkje lærte samisk skikkeleg.

Samisk kultur

Når vi snakkar om samisk kultur, tenkjer vi ofte på den tradisjonelle kulturen med

  • reindrift
  • samisk språk og joik
  • samiske klede og sko
  • duodji, samisk brukskunst
  • samisk mat
  • Sametinget
  • samisk nasjonaldag (6. februar) og samisk flagg

Relatert innhald

Oppskriftene og framgangsmåtane til samiske rettar går gjerne i arv frå generasjon til generasjon, utan å bli skrivne ned.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.01.2019

Læringsressursar

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?