Oppgåver til filmen "Samisk kultur som reisemål"
Kva for nokre konkrete reiselivsopplevingar blir presenterte i filmen?
Kven vil de seie er målgruppa for denne typen reiselivsoppleving?
På kva måte kan ein seie at dette er ei berekraftig reiselivsoppleving?
Reflekter over korleis den samiske kulturarven blir halden i hevd.
Forklar kva som er meint med at opplevinga ikkje må disneyfiserast.
Kom med forslag til korleis dette tilbodet kan utvidast slik at det kan bli attraktivt for fleire målgrupper.
Gjer greie for korleis naturopplevinga er ein del av tilbodet.
Kva inntrykk og ferieminne trur de turistane sit att med etter ei slik reiselivsoppleving?
Kva trur de vertskapet ønskjer at turistane skal ta med seg heim av kunnskap og opplevingar etter eit opphald saman med dei?
Har de forslag til endringar? Grunngi.
På kva måte oppfyller denne reiselivsopplevinga krava om omsyn og etikk i utviklinga av samisk reiseliv?
Er dette ei oppleving de kunne tenkje dykk å vere med på? Kvifor? Eller kvifor ikkje?