Hopp til innhald

Fagstoff

Å skape opplevingar med historieforteljing

Har du nokon gong delteke på ei byvandring eller besøkt ein historisk temapark? Slike reiselivsopplevingar bruker historieforteljing som verkemiddel for å skape gode og engasjerande opplevingar for turistane.

Historieforteljing som verkemiddel i ei reiselivsoppleving tek utgangspunkt i ei historie som ein ønskjer å fortelje. Det kan vere ei historie om levesett, enten i notid eller historisk, eller ho kan ta utgangspunkt i ei segn eller eit eventyr.

For å skape opplevingar med historieforteljing må du som reiselivsaktør lage ein samanheng som engasjerer og trekkjer turistane med inn i sjølve opplevinga. Du treng derfor kunnskap og erfaring om både vertskapsrolla, produktet du sel, og historia du skal fortelje.

Korleis skape opplevingar gjennom historieforteljing?

Historieforteljing er tradisjonelt einvegskommunikasjon der vi lyttar passivt til ein som fortel. I reiselivet er det derimot vanleg å gi turistane ei meir aktiv rolle og trekkje dei inn i historia ved at dei til dømes deltek i ulike aktivitetar.

Med god planlegging og tilrettelegging kan du skape minneverdige opplevingar for turistane gjennom historieforteljing. For å klare dette må du tenkje nøye gjennom

  • temaet for og historia til opplevinga

  • korleis du skal formidle historia

  • måtar å involvere turistane i historia på

  • om historia bidreg til læring

  • om historia er truverdig

Ei reiselivsoppleving kan vere bygd opp av fleire historier, som til dømes ei byvandring der det blir fortalt ei ny historie på kvart stopp. For å planleggje ei byvandring kan vi bruke ein -kurve som vist nedanfor. Her ser vi at ved å byggje opp mot ulike høgdepunkt får vi alle historiene til å saman gi ei heilskapleg oppleving.

Dramaturgi for historieforteljing som reiselivsoppleving vist som ei kurve der dei ulike historiene dannar høgdepunkta. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formidling av historier i ulike reiselivsopplevingar

Vi kan nytte mange ulike verkemiddel for å formidle ei historie. Forteljarstemma kan mellom anna vere ein guide, ein skodespelar eller ei stemme du lyttar til i høyretelefonar. Du kan til dømes få lese opp ei historie når du skannar ein QR-kode undervegs i ei byvandring.

Teknologi kan òg nyttast som eit verkemiddel for å involvere turistane i historia. Eit døme er 4D, der vi kan nytte effektar som luft, vatn, lukt og rørsle. - og - teknologi er andre verkemiddel som involverer og engasjerer.

Mange historiske historieforteljingar attskaper storhendingar på staden der den historiske hendinga faktisk fann stad.

Nedanfor finn du tre ulike døme på reiselivsopplevingar der historieforteljing står sentralt.

Byvandring

I nesten alle byar blir det arrangert byvandringar for turistar. Det er ein fin og lærerik måte å oppleve ein by på. Tradisjonelle byvandringar går føre seg til fots, men det er òg populært å nytte syklar, elektriske sparkesyklar og sightseeingbussar.

Byvandringar blir bygd opp av mange små historier undervegs. Historiene kan vere henta frå både notid og fortid. Mange flettar inn "artigfakta" for å gjere historiene meir underhaldande.

Historiene tek ofte utgangspunkt i kultur, men naturfenomen kan òg vere aktuelle å trekkje inn.

Guide med turfølge på bryggen i Bergen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historiske og kulturelle temaparkar

Historiske og kulturelle temaparkar er populære turistattraksjonar. Her blir det formidla ulike historier, til dømes om korleis dei levde i vikingtida, eller om kulturarven etter Kjell Aukrust. Han kjenner du kanskje som mannen bak Flåklypa.

For slike temaparkar er det viktig å skape ei tidsriktig og autentisk stemning som trekkjer folk inn i historieforteljinga. Turistar skal få sjå, oppleve og delta aktivt. Parkane tilbyr derfor ulike aktivitetar som passar inn i temaet.

I Gudvangen, ei lita bygd inst i den Unesco-beskytta Nærøyfjorden, kan du besøkje vikingbyen Njardarheim. Her kan du høyre historier om vikingane, smake vikingmat og få innblikk i korleis vikingane budde og levde. Du kan òg lære øksekasting, bogeskyting og vikingleikar.

Ei ung vikingkvinne utanfor heimen sin i vikingbyen Njardarheim i Gudvangen. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Les meir om vikingbyen Njardarheim

vikingvalley.no

Historiske spel

I Noreg har vi lang tradisjon for historiske spel. Slike spel fortel om ei historisk hending og går gjerne føre seg som utandørs teater. Eit døme er det kjende "Spelet om Heilag Olav" på Stiklestad i Trøndelag.

Skodespelarar utkledde som kong Olav og mennene hans. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Les meir om historiske spel

Historiske spel som er planlagde i Noreg i 2022.
Ved å klikke deg inn på kvart spel finn du meir informasjon.

Relatert innhald

Kjelder

Pedersen, Ann-Jorid. (2014). "Hvordan skaper vi meningsfylte opplevelser?" Del av doktorgradsavhandling. Nord Universitet. https://www.statsforvalteren.no/siteassets/fm-nordland/dokument-fmno/landbruk-og-mat-dokumenter/gront-reiseliv-dokumenter/ahh-innlegg-pa-avslutningskonferansen-16-mars-2016.pdf

Norsk Reiseliv. Norwegian Tourism Partner. (u.å.). Innspill fra Norsk Reiseliv til regjeringens nye strategi for kultur og reiseliv. https://norsk-reiseliv.no/innspill-fra-norsk-reiseliv-til-regjeringens-nye-strategi-for-kultur-og-reiseliv/

Visit Norway. (u.å.) Besøk et mer bærekraftig reisemål. https://www.visitnorway.no/planlegg-reisen/gronn-norgesferie/barekraftig-reiseliv/

Mossberg, Lena. (2007). Extraordinära upplevelser genom storytelling. Magma. https://old.magma.no/extraordinra-upplevelser-genom-storytelling

Innovative opplevelser. (2011). 8 eksempler på prising av gåsehud. Innovative Opplevelser. https://www.innovativeopplevelser.no/docs/Pdf%20filer%20kunnskapshefter/8_eksempler_pa_prising_av_GASEHUD.pdf

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Korleis skape opplevingar i norsk og samisk kultur?