Hopp til innhald

Fagstoff

Fagdag i naturferdsel, vg3

Naturopplevingar kan ha positiv effekt på både den fysiske og den mentale helsa vår. Meir tid i naturen kan bidra til samkjensle med naturen, og at du ønskjer å ta vare på han. Det er tid for å dra på tur att!
Ei hengekøye og to par sko med utsikt over fjorden. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

4 timar fagdag på tur. Vel mellom alternativ A og B

Denne ressursen byggjer vidare på ressursane frå vg1 og vg2. Bestem kva for læringsmål du sjølv ønskjer å jobbe spesielt med. Baser læringsmåla på eigenvurdering frå tur i vg2 og ambisjonsnivå, og kor mykje du vil utfordre deg sjølv i vg3. Det er viktig at du kan strekkje deg frå vg2 til vg3, men samtidig velje ein tur etter evne.


  1. Ta med deg nokon på tur, ein ven, ein familiemedlem, ein treningskamerat eller andre. Det kan ikkje vere andre elevar i same klasse.
  2. Overnatt ei natt ute, to og to i lag. Det kan vere overnatting under open himmel, i hengjekøye, gapahuk, telt eller liknande. Alle skal gå minimum 2 kilometer for å kome fram til "leirplassen". Delar av strekninga skal vere på stig.

Kanskje har du nok med læringsmål 3–7 og bør velje alternativ A? Eller kanskje du ønskjer meir utfordring og dermed kan velje alternativ B? Du kan både finne eit nytt område å dra på tur til (mål 4) og avansere i matlaging (mål 6).

Læringsmål

Eleven skal kunne…

  • få ei god oppleving av å vere ute i naturen
  • planleggje, gjennomføre og evaluere ein enkel tur, to og to
  • kle seg riktig og forklare kvifor dette er riktig
  • lese kart og orientere seg etter leielinjer i kjent og ukjent terreng
  • fyre bål og gjere vurderingar kring bålfyring
  • laga enkel mat på bål
  • ta omsyn til naturen og sporlaus ferdsel




Innhald i turplan

  • Kva for eit alternativ vel du: A eller B?
  • Kva for læringsmål skal du vektleggje spesielt på denne turen? Grunngi kvifor.
  • Kven skal du dra på tur med (alternativ B) eller ha med deg på tur (alternativ A)?
  • Finn ei oversikt over området du skal på tur, til dømes ut.no , eit turkart eller eit orienteringskart. Teikn inn ruta du skal gå, og finn ut kor langt det er i kilometer, og kor lang tid du brukar på å flytte deg frå start til slutt basert på målestokken på kartet.
  • Er det noko spesielt du treng å ta omsyn til dit du skal på tur? Dette kan til dømes vere naturreservat, nasjonalpark, innmark eller utmark.
  • Når dreg du på tur? Dag, dato og tidspunkt.
  • Kva for utstyr treng du til turen?
  • Kva planlegg du å ete? Kva treng du å ha med deg til matlaginga?
  • Kva for uventa hendingar kan skje? Korleis løyser du dette? Ta gjerne utgangspunkt i artikkelen Førstehjelp på tur (NDLA).
  • Kva må til for at det skal bli ein vellykka tur, og du når læringsmåla du har sett deg?


Du må få godkjent planen før du kan dra på tur.

Vurdering

For at det skal skje læring, må du jobbe med noko, omarbeide det og gjerne òg reflektere over kva du har gjort i etterkant ved å formidle det med eigne ord. Ved å lage ei digital forteljing med video, bilete, tekst, stemme og musikk kan du setje personlegen din preg på innleveringa. Og ved å formidle noko til nokon andre, som er det som skjer når du lagar ein video, får du omarbeidd det du har jobba med endå ein gong. Sjå punkta under for meir detaljert beskriving.

  • Det er ei individuell oppgåve.
  • Ha med bilete og film frå heile turen: fotturen, leirplassen, bålet, maten, sporlaus ferdsel (og dessutan noko frå soveposen for deg som overnattar ute).
  • Reflekter kring kva som gjekk bra og kva som ikkje gjekk så bra. Grunngi svara dine.
  • Fortel om korleis det var å dra på tur åleine.
  • Du som overnattar ute, skal òg fortelje om du har sove ute før, og om korleis denne natta har vore.
  • Forklar kva du har lært av denne turen.
  • Kva tenkjer du om naturen og friluftsliv etter denne turen? Har dette synet endra seg? Grunngi svaret ditt.
  • Vurder deg sjølv i læringsmåla.
  • Filmen skal innehalde både film, bilete, stemme og tekst.
  • Varigheit på filmen: 5–15 minutt.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Naturferdsel