Hopp til innhald

Fagstoff

Kunderelasjonshandtering

Er du medlem av éin eller fleire kundeklubbar? Når fekk du eventuelt sist ein e-post eller SMS frå ein av dei? Kundeklubbar er éin av fleire måtar å pleie relasjonar til kundar på.
Ein som held eit forstørringsglas mot ein illustrasjon av ein person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunderelasjonshandtering og bruk av CRM-system

Kunderelasjonshandtering er styring og utvikling av kunderelasjonar i ei verksemd. Det engelske uttrykket som ofte blir nytta, er CRM, som står for Customer Relationship Management.

CRM tek utgangspunkt i teoriar om relasjonsmarknadsføring, som handlar om å byggje kunderelasjonar. Målet er eit gjensidig forhold der begge partar opplever at dei får noko verdifullt ut av kontakten.

Vi bruker CRM, kundeoppfølgingssystem, for å koordinere samhandling med kundar og potensielle kundar. CRM er mellom anna knytt til salsaktivitetar, marknadsføring og kundeservice.

CRM føreset bruk av ein elektronisk kundedatabase. Databasen gjer det mogleg å ta ut statistikkar og rapportar om kundeforholdet, kommunisere kjapt med kundane og følgje utviklinga i kundeforhold.

Ein seljar og ein kunde i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva har service å seie for kunderelasjonar?

Å utvikle gode kunderelasjonar løner seg. Det er enklare å halde på eksisterande kundar enn å skaffe nye. Det kostar òg meir å innarbeide nye kunderelasjonar enn å ta vare på eksisterande kundar.

God service har innverknad på kor fornøgde kundane blir. Opplevinga av god service vil òg føre til auka sannsyn for gjenkjøp, som igjen kan leggje grunnlaget for langsiktige og lønsame kunderelasjonar.

Kor fornøgde er kundane?

Norsk Kundebarometer samlar årleg inn data om kor fornøgde og lojale kundane i norske verksemder er.

To podkastar om service og CRM

Nedanfor kan du høyre to podkastar som tek opp temaet service og CRM. I begge podkastane er det CRM-direktør Tore Berntsen som blir intervjua. Kva med å høyre på podkastane mens du går ein tur eller kanskje set deg ut i sola? 😊 God lytteoppleving! 🎧

Reflekter og diskuter gjerne saman i klasserommet etter at de har høyrt på podkastane. Nedst på denne sida ligg det òg oppgåver til podkastane.

Du kan lytte til den første podkasten om service og CRM her:

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Service og CRM, episode 1 – viktigheita av god service

Kva er god service? Kva slags service kjem kundar til å spørje etter i marknaden i framtida? Korleis kan ei bedrift bruke CRM for å stikke seg fram i eit konkurransedrive felt? Dette er noko av det du...

0:00
-0:00

Den andre podkasten om service og CRM kan du lytte til her:

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Service og CRM, episode 2 – meirsal og gjensal

Éin ting er å ha gjennomført eit vellykka sal, men det å få kundar til å kome tilbake er ein heilt egen kunst. I podkasten snakkar programleiaren Andreas Veie-Rosvoll med CRM-direktør Tore Berntsen om...

0:00
-0:00

Felles refleksjon og diskusjon om podkastane i klassen

  • Set opp stikkord frå podkastane på tavla.

  • Kva lærte de av desse podkastane?

  • Diskuter kvifor kunderelasjonshandtering og kundeservice er viktig.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Personale og leiing