Hopp til innhald

Fagstoff

Personalet og leiinga

For å nå måla sine må bedrifter ta
gode marknadsstrategiske val. Dette krev kompetent styring frå leiinga, noko som omfattar at personalet må bli inkludert i prosessen på ein god måte. Vellykka marknadsføring byggjer på ein god marknadsstrategi, og då er personalet og leiinga viktige.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personalet og leiinga

Personalet og leiinga har ei viktig rolle for at ei verksemd skal kunne ta gode val og nå måla sine. På kva måtar har personalet og leiinga direkte innverknad på forhold som har med marknadsføring å gjere?

Personalet og leiinga i ei verksemd er ein viktig ressurs. Verdien av kvalifikasjonane, evnene og kunnskapen til personalet og leiinga kan omtalast som humankapital.

Ved strategiske avgjerder, som ved val av målgrupper og ved måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på, er personalet og leiinga viktige. Rolla til personalet og leiinga kan vidare påverke etterspurnad og kva slags omdømme og posisjon verksemda har i marknaden.

Tenk over

Kva trur du kan vere viktige føresetnader for at personalet og leiinga skal kunne yte sitt beste og tilføre verdi til ei verksemd?

Personalet

For at menneska i ei verksemd skal yte sitt beste og tilføre verksemda verdi, må dei ha riktig kompetanse ut frå kva oppgåver dei skal utføre. Det er derfor viktig at leiinga i ei verksemd sørgjer for å tilsetje menneske med den kompetansen verksemda treng, og at kompetansen blir vidareutvikla og tilpassa når behova i verksemda endrar seg.

Verksemda må òg ha system som tek vare på den enkelte tilsette både fagleg og sosialt, slik at trivselen blir så høg som mogleg. Trivsel på arbeidsplassen sørgjer for større produktivitet og høgare kvalitet på arbeidet. Med tanke på kor stor del av livet vårt vi held til på jobb, forstår vi at det er viktig at vi skal trivast.

Mange produkt og produksjonsteknikkar kan kopierast, men relasjonane mellom menneska i ei verksemd og kundane deira er mykje vanskelegare å kopiere. Vi er alle ulike, og korleis vi byggjer relasjonar til andre, varierer avhengig av dei ulike personlegdommane våre. Ei tilnærming som er naturleg for nokon, kan bli veldig kunstig for andre. Kvar enkelt tilsett må derfor få øve på korleis dei best kan byggje relasjonar, ut frå sin eigen personlegdom.

Rolla til personalet kan vere svært viktig for kjøpsopplevinga til kundane. Til dømes kan ein dyktig seljar med god produktkunnskap i mange tilfelle vere avgjerande for om kunden handlar noko. Ei god kjøpsoppleving vil òg kunne føre til auka sannsyn for gjenkjøp, som igjen kan leggje grunnlaget for langsiktige og lønsame kundeforhold.

Ei viktig oppgåve for leiarar er å motivere og ta vare på personalet. Eit personale med god produktkunnskap, serviceinnstilling og engasjement vil ha stor betydning for ei verksemd.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Leiinga

På same måte som personalet er leiinga ein svært viktig ressurs. For at ei verksemd skal fungere og vere god å jobbe i, må ho leiast. Å leie kan omtalast som å nå målet for ei verksemd gjennom andre. Det å nå mål er viktig i marknadsføring, og god leiing er i så måte viktig.

Det finst fleire ulike leiarroller, og nokre viktige leiaroppgåver er

  • å planleggje og kontrollere

  • å organisere

  • å administrere og motivere

  • å ta avgjerder

  • å informere og kommunisere

Tenk over

På kva måtar trur du leiing kan ha direkte innverknad på ulike marknadsføringsforhold?

Leiing har direkte innverknad på fleire forhold som har med marknadsføring å gjere. Mellom anna har leiinga ei viktig rolle i strategiske avgjerder som val av målgrupper og måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på. Å analysere, planleggje, gjennomføre og kontrollere aktivitetar for å skape og halde oppe kundeforhold er noko av det som er viktig i marknadsføring og leiing.

Ei viktig leiaroppgåve er å sørgje for godt samarbeid og ei fornuftig arbeidsdeling. Til dømes er ei stor verksemd som McDonald's avhengig av å ha gode arbeids- og stillingsinstruksar, slik at alle veit kva dei skal gjere, og slik at dei jobbar mot felles mål.

Leiarar har ei viktig oppgåve i å motivere, lære opp og ta vare på personalet, som igjen kan gi positive ringverknader til kundane. Vi kan seie at god leiing er med på å leggje eit viktig grunnlag for ein "god spiral". Eit motivert og fornøgd personale med god produktkunnskap yter meir i kontakten sin med kundar, noko som igjen er viktig for at ei verksemd skal kunne lykkast.

BI-professor Anders Dysvik fortel i eit intervju at alle menneske har eit grunnleggjande behov for å få det beste ut av seg sjølv. Dette kan kome til syne ved at vi er engasjerte i jobben og har ein indre motivasjon. Indre motivasjon har i følgje Dysvik tre kjelder:

  • Autonomi inneber at ein i størst mogleg grad får lov til å vere involvert, til å ta avgjerder og til å gjere ting som opplevast som viktige for ein sjølv.

  • Meistringsopplevingar inneber at ein får til noko og får gjere noko som ein sjølv kjenner at ein er god på, og som gjerne òg blir anerkjent av andre.

  • Gode relasjonar inneber at ein har gode relasjonar til kollegaer og til leiaren sin. Ein ser kanskje at det ein gjer har betydning for andre.

Lyshåra kvinne kledd i svart, sitjande i ein intervjusituasjon. Bakgrunnen har eit blåskjær og enkelte lyskjelder med ulik styrke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Leiing og intern marknadsføring

Då podkasten vart spelt inn var Stine Trygg-Hauger administrerande direktør for Clas Ohlson. I 2021 bytte ho jobb og vart noregssjef for sportskjeda XXL.

0:00
-0:00

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023

Læringsressursar

Personale og leiing