Utforsk rolla til personalet og leiinga - Marknadsføring og leiing 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk rolla til personalet og leiinga

I denne oppgåva skal de utforske rolla til personalet og leiinga når ei valfri verksemd gjennomfører ein marknadsføringsstrategi.

Gruppeoppgåve

Utforsk, reflekter over og vurder rolla til personalet og leiinga når ei valfri verksemd skal gjennomføre ein marknadsstrategi. Med marknadsstrategi meiner vi strategiske avgjerder knytte til val av målgrupper og måten ei verksemd nyttar og kombinerer konkurransemidlane på for å nå måla sine.

Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på 2–4. Presenter for klassen eller for ein eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

Lykke til!

Tips

Ta utgangspunkt i kva de sjølve veit om verksemda sin marknadsstrategi, søk ytterlegare informasjon på nett og høyr gjerne med nokon de kjenner.

I kva grad er leiinga og personalet synleg i marknadsstrategien til verksemda? Søk gjerne etter medieoppslag og liknande som fortel om rolla til leiaren og personalet.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021