Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast "Service og CRM – meirsal og gjensal"

Lytt til podkasten med programleiar Andreas Veie-Rosvoll i samtale med Tore Berntsen, som jobbar som CRM-direktør. Dei snakkar om kvifor god oppfølging er nøkkelen til ein varig kunderelasjon. Ta notat undervegs mens du lyttar, og reflekter og diskuter i fellesskap i klassa etterpå.
Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Service og CRM, episode 2 – meirsal og gjensal

Éin ting er å ha gjennomført eit vellykka sal, men det å få kundar til å kome tilbake er ein heilt egen kunst. I podkasten snakkar programleiaren Andreas Veie-Rosvoll med CRM-direktør Tore Berntsen om...

0:00
-0:00

Lytt til podkasten og ta notat

Felles refleksjon og diskusjon i klassa

  • Set opp stikkord frå podkasten på tavla. Kva lærte de av denne podkasten?

  • Diskuter kvifor system for handtering av kunderelasjonar og god kundeservice er viktig.

  • Korleis følgjer ein best opp kundar gjennom servicearbeid?

  • Korleis kan ulike plattformløysingar ha betydning for kundeoppfølging og servicearbeid?

  • Korleis trur de at kundeoppfølginga i framtida kjem til å sjå ut?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2021

Læringsressursar

Personale og leiing