Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollene til personalet og leiinga i McDonald's

McDonald's er ei av verdas mest kjende merkevarer, med ein marknadsverdi på over 1 000 milliardar norske kroner. I denne oppgåva skal de reflektere over og vurdere rollene til personalet og leiinga i McDonald's.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om McDonald's

Brørne Mac og Dick McDonald starta ein ny type burgarrestaurant i 1940. Konseptet gjekk ut på å få maten når du betaler i kassa. Ray Kroc kjøpte McDonald's for 2,7 millionar dollar i 1961. I filmen The Founder kan du lære meir om dei første åra av historia til fastfood-imperiet. Sjå filmen under.

Stjel våre ansatte

I 2019 lanserte McDonald's marknadsføringskampanjen Stjel våre ansatte. Kampanjen bestod av ein to-minuttars-film, fem portrett, filmar til TV, print og ei kampanjeside.

Reklameannonse frå McDonald's. Ei ung kvinne i ein slags skuleuniform smiler til kamera. Ei av overskriftene lyder: "Ada, 20 år, skiftleder". Kampanjen har namnet "Stjel våre ansatte". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn relevant informasjon på Mcdonalds.com/no.

Oppgåver

  • Sjå kampanjefilmen og reklameannonsen ovanfor. Kva trur de McDonald's ønskjer å oppnå med kampanjen Stjel våre ansatte?

  • Trur de ein slik kampanje er formålstenleg for McDonald's? Kvifor / kvifor ikkje?

  • Reflekter over og vurder rollene til personalet og leiinga i gjennomføringa av McDonald's .

Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på to til fire. Presenter refleksjonane for klassen eller for ein eller fleire av dei andre gruppene i klassen.

Tips

Ta utgangspunkt i kva de sjølv veit om McDonald's og marknadsstrategien for verksemda. Søk ytterlegare informasjon på nettet og sjå gjerne filmen The Founder for å få eit innblikk i historia til McDonald's.


I kva grad er leiinga og personalet synlege i marknadsstrategien til McDonald's? Søk gjerne etter medieoppslag og liknande som kastar lys over rollene til leiinga og personalet.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2023

Læringsressursar

Personale og leiing