Hopp til innhald

Seriar

Podkast med leiaren Stine Trygg-Hauger

Her kan du lytte til ein podkast med Stine Trygg-Hauger der ho snakkar om leiing. Då podkasten blei spelt inn, var Stine Trygg-Hauger administrerande direktør for Clas Ohlson.
Stine Trygg Hauger under NHOs årskonferanse i Oslo Spektrum, 2021.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stine Trygg-Hauger

Stine Trygg-Hauger byrja å jobbe i butikk som 15-åring og fekk ei leiarstilling i Clas Ohlson allereie som 27-åring. Stine er oppteken av å bli kjent med heile verksemda, også dei som jobbar i butikkane. Ho synest det er viktig å snakke med kundar og lære om sortimentet i butikkane.

Stine Trygg-Hauger har stor tru på at viss vi har det gøy på jobb, har fornøgde medarbeidarar og set kundane først, så vil kundane òg vere fornøgde.

Då podkasten vart spelt inn, var Stine Trygg-Hauger administrerande direktør for Clas Ohlson. I 2021 tok ho over som noregssjef for XXL, og no er ho direktør i Vinmonopolet.

Du finn podkasten med Stine Trygg-Hauger nedanfor. Heile klassen kan høyre podkasten saman i klasserommet. Eller kva med å gå ein liten tur mens du høyrer på? Ha gjerne ein felles refleksjonsrunde i klasserommet etterpå.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Leiing og intern marknadsføring

Då podkasten vart spelt inn var Stine Trygg-Hauger administrerande direktør for Clas Ohlson. I 2021 bytte ho jobb og vart noregssjef for sportskjeda XXL.

0:00
-0:00

Reflekter i klassen

  • Kva lærte de av denne podkasten?

  • Diskuter kvifor god leiing er viktig for å lykkast med marknadsføringsstrategien for verksemda.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2021

Læringsressursar

Personale og leiing