Hopp til innhald

Fagstoff

Kva kjenneteiknar ein god leiar?

Kva meiner du kjenneteiknar ein god leiar, og kvifor er god leiing viktig? Kva seier forskinga på feltet? Her kan du også høyre næringslivsleiaren Anita Krohn Traaseth fortelje om sin leiarstil.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein god leiar?

Det finst inga enkel oppskrift på korleis ein blir ein god leiar. Det er heller ikkje nokon fasit på kva som kjenneteiknar ein god leiar. Leiing kan skje i mange former, og leiarar kan ha ulike oppgåver og funksjonar. Men har gode leiarar nokre ferdigheiter til felles, trur du?

Tenk over

Kva meiner du kjenneteiknar ein god leiar?

Kan du liste opp tre personar som du meiner kan karakteriserast som gode leiarar?

Gode leiarar skaper trivsel, meistring og motivasjon, noko som igjen fører til positive resultat. Dei siste åra er det forska mykje på kva som kjenneteiknar gode leiarar. Forsking viser mellom anna at leiarar bør

  • motivere, utvikle og leie med ein god sosial kompetanse prega av sensitivitet, fleksibilitet og aktiv lytting
  • kommunisere klart
  • tenkje nye tankar, vere nysgjerrige og visjonære
  • tenkje strategisk og langsiktig
  • gjere gode vurderingar og sjå konsekvensane av eigne avgjerder
  • vere opptekne av god kundebehandling og forstå kva som skaper verdiar i verksemda
  • kunne handtere endringar og stress på ein god måte
BI-professor Jan Ketil Arnulf om ledelse

BI-professor Jan Ketil Arnulf har uttalt at leiarar har som hovudoppgåve å gjere jobben meiningsfull for folk rundt seg. Det å skape meining er viktig. Han peikar på tre ting som er sentralt:

  1. Ein leiar må vere oppteken av medarbeidarane. Leiing handlar om medarbeidarane og ikkje leiaren. Her gjer mange feil.
  2. Ein leiar skal vere oppteken av korleis medarbeidarane tenkjer.
  3. Ein leiar må vere oppteken av å lytte. Medarbeidarane oppfattar ein leiar som betre viss vedkomande er flink til å lytte.

Sitat om god leiing

For ein del år tilbake var Mor Teresa invitert til å halde eit foredrag om leiing på ei internasjonal samling med fleire hundre næringslivsleiarar. Ho gjekk opp på talarstolen og stilte dei som sat i forsamlinga, følgjande to spørsmål:

  • Kjenner du medarbeidarane dine?
  • Bryr du deg om medarbeidarane dine?

Dette var alt Mor Teresa sa, og talen er omtalt som den kortaste og mest verknadsfulle talen om leiing som nokon gong er halden.

Mor Teresa, fredsprisvinnar 1979. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fleire sitat om leiing:

Du må bedømme leiing ut frå korleis dei som blir leia, opplever ho.
Anita Roddick, grunnleggjar av The Body Shop

Ein god leiar har vit nok til å velje dyktige medarbeidarar til å gjere det leiaren vil ha gjort, og sjølvkontroll nok til å la vere å blande seg opp i arbeidet når dei gjer det.
Fritt etter Theodore Roosevelt, tidlegare amerikansk president

Anita Krohn Traaseth på årstalen til sentralbanksjefen i 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Podkast-episode med Anita Krohn Traaseth

Yrja Oftedahl lagar podkasten Power Ladies. I episoden nedanfor intervjuar ho Anita Krohn Traaseth. Traaseth har hatt ei rekkje leiarroller i karrieren sin, mellom anna som administrerande direktør i Innovasjon Noreg. Ho har skrive fleire bøker, ho lagar ein eigen podkast og har i fleire år blogga om leiing under namnet Tinteguri. Ho har medviten teke ei offentleg rolle i media, nettopp fordi ho ønskjer å vere eit inspirerande førebilete og få fleire kvinner inn i næringslivet.

Anita Krohn Traaseth har fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt. Ho hamna mellom anna blant dei ti beste "Diversity Champions" på The Economists Global Diversity List 2015.

Podkast-episoden går i djupna på kven Traaseth er som leiar, og kva som har forma leiarstilen hennar. I tillegg får vi høyre tankane hennar om krisehandtering i verksemder, til dømes under ein pandemi:

"Anita Krohn Traaseth – om ledelse: Hvem er Anita som leder, hva har formet lederstilen hennes, og hvordan håndtere krisetider som sjef?"" (Podkast på Apple Podcasts).

Kjelde

Iversen, O. I. (2020, 7. mai). Hvordan gjenkjenne en god leder? BI Business Review. https://www.bi.no/forskning/business-review/articles/2020/05/hvordan-gjenkjenne-en-god-leder/

Handelshøyskolen BI. (2016, 31. mai). Hvordan bli en bedre sjef? | Jan Ketil Arnulf | BI Business Review. [video]. YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=zHqb9K9dIjE

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2021

Læringsressursar

Personale og leiing