Hopp til innhald

Fagstoff

Verksemdskultur

Ein leiar som støttar, inspirerer og motiverer betyr mykje for verksemdskulturen. Kanskje har du ein jobb ved sidan av skulen? I så fall er du òg ein del av ein verksemdskultur.
Glade kollegaer som held rundt kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

God leiing legg grunnlaget for eit godt samarbeid og ein god verksemdskultur.

Med verksemdskultur meiner vi normene, haldningane og verdiane som utviklar seg i ei verksemd. Vi ser på atmosfæren og samspelet mellom dei tilsette, både sosialt og kjenslemessig.

Ein verksemdskultur kan vere positiv eller negativ. Ein leiar har ofte stor betydning for kulturen i ei , men miksen av tilsette kan òg ha positiv eller negativ innverknad på verksemdskulturen. Ein god verksemdskultur har stor betydning for om verksemda når måla sine.

Kvar enkelt verksemd har sin eigen kultur, og innanfor denne kulturen kan det òg utvikle seg fleire kulturar, såkalla .

Tenk over

Har du nokon gong vore i jobb, og hugsar du i så fall tida som nytilsett? Kanskje høyrde du uttrykket «Sånn gjer vi det her»? Kor lang tid gjekk det før du fekk eit inntrykk av kulturen i verksemda? Kor lang tid tok det før du følte at du vart ein del av verksemdskulturen?

Kulturinnhald og kulturuttrykk

Kulturinnhaldet er verdiane, normene og verkelegheitsoppfatningane, skrivne og uskrivne, som dei tilsette blir forventa å følgje. Dei skrivne retningslinjene finn vi ofte i ei personalhandbok. Men i eit føretak kan det òg vere tradisjonar og uskrivne reglar som har vore praktiserte lenge.

Kulturuttrykk kan vere symbol, ytre kjenneteikn, ritual og rutinar som underbyggjer verdiane, normene og verkelegheitsoppfatningar i føretaket. Kleskode og dei tilsette måten sin å uttrykkje seg på er døme på kulturuttrykk.

Verksemdskulturen kan styre åtferd

Verksemdskulturen kan vere med på å styre åtferd ved å seie noko om kva som er forventa, ønskjeleg, forbode og påbode. Verksemdskulturen kjem til uttrykk gjennom kva du blir stimulert og oppmuntra til, kva som blir påskjøna, og kva som blir straffa. Ein nytilsett i arbeidslivet er nøydd til å rette seg etter kulturen på arbeidsplassen. Det kan vere utfordrande for nokon, mens andre synest det er enkelt å tilpasse seg.

Verksemdskulturen kan gi samhald

Verksemdskulturen kan medverke til å halde verksemda saman, noko som er viktig for at ho skal nå måla sine. Ein sterk verksemdskultur kan bidra til felles haldning og målretta praksis. Når verksemdene er store og kanskje opererer i mange land, er ein sterk og særs tydeleg verksemdskultur spesielt viktig for å kunne byggje eit slikt fellesskap. Det krevst god leiing for å skape ein verksemdskultur basert på samhald.

Verksemdskultur og leiaransvar

Leiarar har eit stort ansvar for å bidra til å skape ein god kultur. Dei kan synleggjere den ønskte kulturen ved sjølv å opptre som gode førebilete. På den måten kan gode haldningar og eit positivt verdisyn blir bygde opp.

Leiar som inspirerer og motiverer midt i ein ring av tilsette. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei tilsette må få bidra med synspunkta sine og vere med på å bestemme forhold knytt til eige arbeid. Tilsette må òg trygt kunne gi utrykk for kva dei ikkje er einige i. Leiinga må derfor kunne tole kritikk utan automatisk å gå i forsvarsposisjon.

Har ein verksemdskultur først sett seg, kan han vere vanskeleg å endre. Ein negativ kultur kan vere svært øydeleggjande. Ein positiv kultur og eit godt samarbeidsklima er derimot ein stor motivasjons- og trivselsfaktor.

Tenk over

Kan du nemne nokon verksemder som, etter di meining, har ein god verksemdskultur?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Carina Hertze Bratli.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Personale og leiing