Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast om tenarleiing

Lytt til podkasten med konserntenar Tom Georg Olsen, og jobb med oppgåver.
Tom Georg Olsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Frå konsernleiar til konserntenar

God leiing kan vere mykje forskjellig, men uavhengig av kva stil ein vel å ha som leiar, er dei fleste einige i at god leiing og kulturbygging er viktig for suksessen til ei bedrift. I denne episoden ...

0:00
-0:00

Oppgåver til podkasten

Forslag til arbeid med oppgåvene:
  • Jobb gjerne i par.

  • Presenter svara for klassen.

  • Ha ein diskusjon om oppgåvene i klassen til slutt.

  1. Kva blir meint med tenarleiing, og kva vil det seie å vere ein konserntenar, slik som Tom Georg Olsen er?

  2. Kva blir i podkasten trekte fram som dei største fordelane med tenarleiing?
  3. Kan tenarleiing ha nokon ulemper, og i så fall kva for nokon?
  4. Korleis beskriv Tom Georg rolla til personalet?
  5. Oppsummer Tom Georg sine råd til framtidige leiarar.
  6. Drøft påstanden: "Tenarleiing er den beste leiarstilen for dei aller fleste verksemder."
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2021

Læringsressursar

Personale og leiing