Kva er EU?
I 1950 lanserte den franske utanriksministeren Robert Schuman ein plan om eit økonomisk samarbeid mellom Frankrike og Tyskland. Hovudargumentet hans var at statar som handlar saman, gjer alt for å unngå krig, for krig øydelegg handelen.
9. mai 1950 var den første samarbeidsavtalen for det som den gongen heitte Den europeiske kol- og stålunionen på plass. Vi reknar dette som sjølve startdagen for Den europeiske unionen, EU. Det viktigaste politikkområdet for EU blei dei fire fridommane: fri flyt av varer, tenester, kapital og personar.
Med Romatraktaten i 1957 begynte eit tettare samarbeid mellom dei seks første landa i EU: Italia, Frankrike, Forbundsrepublikken Tyskland, Belgia, Nederland og Luxembourg. Det første målet var å bygge ned tollmurane mellom landa og opprette ei felles tollgrense mot land utanfor unionen. Tanken var at varer kom til å bli billigare for forbrukarane dersom tollavgiftene mellom medlemslanda blei fjerna. I tillegg ville det òg stimulere til eit høgre forbruk generelt.
For å redusere kostnadene på mellom anna nye byggeprosjekt innførte EU ei ny anbodsordning. Eit anbod er eit av fleire tilbod i ein anbodskonkurranse. Fleire leverandørar tilbyr tenestene sine, og den beste får oppdraget. Byggeoppdrag skulle annonserast i alle EU-land, ikkje berre landet der det skulle byggast, noko som var vanleg tidlegare. Slik konkurranse kunne gjere nye prosjekt, til dømes jernbane- og vegutbygging, billigare, og det ville komme forbrukarane i EU til gode. Dette har samtidig ført til spenningar mellom den utanlandske, billigare arbeidskrafta og dei som tradisjonelt arbeidde i dei konkurranseutsette bransjane. Forbrukarane seier ja til billigare varer, men reagerer dersom dei sjølve må gå ned i lønn.
Tidlegare var det kraftige restriksjonar på kor mykje pengar ein kunne ta med seg inn i eit anna europeisk land. Eit viktig prinsipp for EU var å fjerne desse restriksjonane. Pengar, eller kapital, skulle kunne flyttast fritt mellom landa.
Neste punkt var å få styr på dei mange ulike valutaene, som dagleg endra verdi i forhold til kvarandre. Vekslingsgebyr ved kjøp av valuta frå eit anna land gjorde handelen mellom landa dyrare. Først blei kursen på dei ulike valutaene frosen, deretter tok ein til å arbeide for ei felles løysing. 20 av dei 27 medlemslanda i EU har til no (2023) innført euroen, slik at dei same myntane og setlane kan brukast frå Finland i nord til Malta i sør. Sverige og Danmark er døme på EU-land som held på dei tradisjonelle valutaene sine.
Alle innbyggarar i EU kan fritt søke arbeid i eit anna EU-land. På 2000-talet blei EU utvida, og mange austeuropeiske land blei med. Desse landa har både lågare prisar og lågare lønnsnivå enn dei vesteuropeiske. Når arbeidarar frå desse landa plutseleg kunne få seg arbeid i Vest-Europa, førte det til at arbeidskraft frå dei nye medlemslanda konkurrerte med innanlands arbeidskraft om kven som kunne arbeide for lågast lønn.
EU-organ | Oppgåve |
---|---|
Europaparlamentet | Folkevalt organ med ansvar for lovgiving, tilsyn og budsjett. |
Det europeiske rådet (Toppmøtet) | Det øvste politiske organet i EU, ei forsamling av nasjonale regjeringssjefar, og i tillegg presidentane i Europakommisjonen og Europaparlamentet. Toppmøtet utformer dei overordna politiske strategiane i EU og utnemner personar i visse stillingar. |
Den europeiske unions råd (også kalla Ministerrådet eller berre Rådet) | Sett saman av nasjonale ministrar innanfor det saksområdet som blir debattert. Rådet har lovgivande makt, saman med Europaparlamentet. |
Europakommisjonen (EU-kommisjonen) | Det utøvande organet i EU. Europakommisjonen førebur lover og saker til Det europeiske rådet, Europaparlamentet og Ministerrådet Kommisjonspresidenten blir vald av Det europeiske rådet. |
EU-domstolen | Den dømande makta innanfor EUs rettsområde, avgjer tvistemålssaker som gjeld regelverket i EU. |
Den europeiske sentralbanken | ansvarleg for pengepolitikken i eurosona. |
Revisjonsrådet | reviderer rekneskapen i unionen. |
Relatert innhald
Noreg er ikkje medlem av EU, men gjennom avtalar som EØS-avtalen og Schengen-avtalen og andre avtalar direkte med EU er Noreg tett integrert med EU.