Hopp til innhald

Fagstoff

Utfordringar og dilemma i demokratiet

I løpet av dei siste 50 åra har det gått ei demokratiseringsbølgje over verda. Demokrati har blitt eit honnørord, og dei fleste landa i verda kallar no seg sjølv demokratiske.
Ei kvinne legg røystesetelen sin i ei stemmeurne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krav til demokrati

Av dei 167 statane i verda var det per 2008 berre fire statar som nemnde seg sjølve som "ikkje-demokratiske": Vatikanstaten, Saudi-Arabia, Burma (Myanmar) og Brunei. I etterkant har Burma avvikla militærstyret og heldt val.

Det er likevel ikkje nok å kalle seg sjølv demokrati for å vere det. Tidsskriftet The Economist utarbeider ein demokratiindeks for å beskrive kor demokratisk eit land er. For å utarbeide indeksen blir det sett opp fem krav til demokrati:

  • frie og rettferdige val
  • funksjonsdugleik og makt i regjeringa
  • politisk deltaking
  • politisk kultur
  • borgarrettar

Kvart land blir så gitt ein verdi på kvart av krava, der høgaste verdien er 10 og lågaste er 0. Så blir verdiane slått saman til ein indeks, der 10 er høgast og 0 er lågast. Indeksen blir oppdatert årleg. I 2022 blei alle dei fem nordiske landa klassifiserte mellom dei ti mest demokratiske i verda, med Noreg på topp framfor Island og Sverige. Sidan 2008 har fleire ikkje-europeiske land komme seg inn på topp 15. Dette gjeld New Zealand, Australia, Canada, Taiwan og Uruguay.

Ein stor open plass med to store statuar av noverande leiar Kim Il-sung og førre leiar Kim Jong-il. Framfor statuane står vanlege nordkoreanarar og hyllar leiarane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

24 land blei i 2022 klassifiserte som "fullstendig demokratiske", der færre en tidligare. Av dei landa som blei klassifisert som "delvis demokratiske", var også USA. Dei to landa som blei klassifiserte som dei minst demokratiske i verda, Myanmar og Afghanistan.

Trass i at det har skjedd ei demokratiseringsbølgje i verda dei siste 50 åra, kan vi ikkje på langt nær seie at demokratiet som styreform har sikra posisjonen sin for alltid. Det finst tvert imot døme på alvorlege tilbakeslag der demokrati har blitt erstatta av diktatur, mellom anna i Hellas i 1967 og i Chile i 1973. I vår tid er det mange som stiller spørsmål ved demokratia i landa i Aust-Europa og Midtausten. Heller ikkje alle medlemslanda i EU blir rekna som fullstendige demokrati.

Viktige utfordringar

Nasjonalstaten er den største demokratiske politiske eininga. Vi har internasjonale organisasjonar som EU og FN, men vi kan ikkje omtale desse organisasjonane som demokratiske einingar. EU har rett nok eit folkevalt parlament, men den reelle makta i EU ligg hos kommisjonen og ministerrådet. Men innanfor ramma av nasjonalstaten som politisk avgjerdseining, finst det både globale, nasjonale og regionale utfordringar.

Globale utfordringar

I det internasjonale samfunnet finst det ei rekkje problem som det er vanskeleg å løyse på nasjonalt nivå. Internasjonal terrorisme, dei globale miljøproblema og ustabil internasjonal økonomi er døme på dette. Dei aller fleste statane er samde om at dette er problem som må løysast i fellesskap. Det har likevel vist seg å vere vanskeleg å bli samde om tiltak.

Når statane likevel har fått til ein avtale, er det ikkje slik at alle treng å bøye seg for fleirtalet. Og sidan det ikkje finst noko internasjonalt maktapparat til å straffe dei som ikkje følgjer fleirtalet, så kan enkelte statar la vere å slutte opp om tiltaka utan at det får konsekvensar.

Dei internasjonale organisasjonane kan miste legitimitet – den nye grunnlova til EU blei forkasta i ei folkerøysting i Irland. Deltakinga ved parlamentsvalet i EU er på berre 43 prosent. I mange land var valdeltakinga ned mot 30 prosent. Når valdeltakinga blir så låg, er det stor fare for at dei demokratiske institusjonane som ein freistar byggje opp, aldri vil oppnå den legitimiteten som trengst for å kunne fungere godt.

Nasjonale utfordringar

Mange av dei "nye" demokratia manglar demokratisk tradisjon. Det er ofte ei utfordring for demokratiske statar å observere at statlege styresmakter i nokre land gjer overgrep mot sine eigne innbyggjarar og tek frå dei dei grunnleggjande menneskerettane. I kva grad kan eit land i slike tilfelle gripe inn i dei indre tilhøva i eit anna land?

Eller kva om veljarane gjennom opne val vel leiarar som ikkje verdset demokratiet? Kva om ei politisk rørsle som ønskjer å oppheve demokratiet, får fleirtal ved val? Kan da andre land gripe inn når innbyggjarane i eit land vel å seie nei til demokratiet? Kva rett har dei til det? Skal ikkje den demokratiske viljen få det speleromet som tilkjem han? Eller sett frå den andre sida: Kan eit fleirtal ta frå eit mindretal moglegheita til seinare å innføre demokrati gjennom val?

Dersom den politiske aktiviteten i eit samfunn går ned slik at berre eit mindretal av innbyggjarane deltek, kan det vere fare for at legitimiteten til politikarane og til det politiske systemet forvitrar. Frå midten av 1960-åra har valdeltakinga ved vala i Noreg blitt stadig lågare, og lågast er ho i kommune- og fylkestingsvala.

Dersom trua på dei demokratiske institusjonane forvitrar, er det fare for at aktivitet blir flytta frå demokratisk behandling til politiske særorganisasjonar og aksjonar. Miljøsaker er blitt stadig viktigare dei siste tiåra, og miljøorganisasjonar som Bellona, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har fått auka innverknad. Men dersom viktige vedtak i enkeltsaker blir fatta på grunnlag av press og aksjonar, kan mange avvise dei som vedtak.

Oppsummering

Sjølv om demokratiet kan sporast tilbake til dei greske bystatane for fleire tusen år sidan, er demokratiet slik vi kjenner det i dag ei relativt ung styreform. Dersom interessa for og aktiviteten rundt det blir redusert, kan det vere ein stor fare for at demokratiet slik vi kjenner det, forsvinn og blir erstatta av mindre demokratiske styreformer.

Demokratiet som styreform kan berre overleve dersom det er openheit rundt prosessane og aktivitet og interesse for det som skjer i dei demokratiske institusjonane.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2020

Læringsressursar

Makt og styreformer