Hopp til innhald

Fagstoff

Styreformer

Det finst tallause måtar å styre eit land på. Her skal vi sjå på nokre av dei vanlegaste.
Måleriet "Eidsvoll 1814". Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ei styreform?

Styreform betyr korleis noko blir styrt. Kven har makt til å påverke og bestemme? Korleis blir denne makta brukt? Her skal vi sjå på styreformer på nasjonalt nivå, det vil seie korleis staten styrer i ulike land. Når du skal forstå styreforma i eit land, kan det vere nyttig å ta for seg følgande spørsmål:

  • Har folket makt og påverking på politikken i landet? Er det demokrati eller diktatur?

  • Kven har den formelle øvste makta, og korleis blir dette bestemt? Er det monarki eller republikk?

  • Kor mykje makt har staten i forhold til lokale styresmakter? Er det ein einingsstat eller ein føderasjon? Det finst tallause måtar å styre eit land på.

Demokrati eller diktatur?

I eit demokrati er folket med på å styre landet, mens i eit diktatur er landet styrt av ein person eller ei mindre gruppe. Det er ikkje nødvendigvis slik at eit land anten er eit demokrati eller eit diktatur. Demokrati og diktatur kan heller forståast som to ytterpunkt på ein skala. I dei mest demokratiske landa har folket mykje makt. I dei mest diktatoriske landa har folket ingen innverknad på korleis landet blir styrt. Der ligg mykje makt hos ein enkelperson eller ei lita gruppe.

Demokrati-indeksen

Det er fleire måtar å måle graden av demokrati på. Eit slikt mål blir kalla ein demokrati-indeks. Ein av dei mest kjende demokrati-indeksane er utarbeidd av tidsskriftet The Economist. Denne indeksen bruker ein skala frå 1 til 10 der 10 er mest demokratisk. I The Ecomomists måling frå 2022 var Noreg det mest demokratiske landet i verda med ein skåre på 9,8. Afghanistan var verdas minst demokratiske, med ein skåre på 0,3.

Du finn heile lista frå FN her: Demokrati-indeksen

Demokrati

Demokrati betyr folkestyre. Det finst to ulike måtar å la folket styre på:

Direkte demokrati
Folkete stemmer direkte over konkrete politiske saker. Eit døme er folkeavstemmingar.
Indirekte demokrati
Folkete stemmer på personar eller parti som dei vil skal styre på deira vegner (også kalla representativt demokrati). Dette er den vanlegaste forma for demokrati i dag. Presidentval er eit døme på indirekte demokrati, det norske stortingsvalet eit anna.

Det er ikkje berre det at folket kan stemme ved politiske val som avgjer om eit samfunn kan kallast demokratisk. Andre kjenneteikn på eit moderne demokrati er at ein også har rettar som ytringsfridom, religionsfridom, likestilling, rettstryggleik og at det er lite .

Parlamentariske og ikkje-parlamentariske demokrati

Mange demokrati har eit parlamentarisk system. Det vi si at regjeringa er avhengig av støtte frå eit fleirtal av dei folkevalde i parlamentet. Det betyr også at regjeringa blir danna på grunnlag av valet til parlamentet, og ikkje i eit eige val. Slik er det mellom anna i Noreg. Vi stemmer på dei vi vil ha inn på Stortinget, som er Noregs parlament. Regjeringa blir danna når ein ser resultatet av stortingsvalet. Viss nokon på Stortinget seinare meiner at regjeringa bør gå av, kan dei legge fram eit forslag om dette på Stortinget. Dette blir kalla eit mistillitsforslag. Viss eit fleirtal på Stortinget stemmer for forslaget, må regjeringa gå av.

Ikkje alle demokrati har eit parlamentarisk system. Dette gjeld til dømes i USA, der regjeringsleiaren (presidenten) blir vald i eit eige val. USA har eit parlament (Kongressen) som vedtek lover og budsjett, men dei kan ikkje avsetje presidenten. I USA er det berre domstolane som kan gjere det gjennom ei riksrettssak.

Diktatur

Når svært mykje makt samlast hos éin eller nokre få personar, er det rett å kalle det eit diktatur. I eit diktatur har ikkje folket noko skikkeleg høve til å påverke politikken i landet, og ofte får dei ikkje lov til å seie kva dei meiner. Typisk for diktatur er at dei har avgrensa personleg fridom, lite ytringsfridom, mykje korrupsjon, store sosiale forskjellar og bruk av vald for å kontrollere befolkninga.

Dei fleste landa i verda i dag kallar seg demokratiske, sjølv om mange av dei ikkje er det. Nokre diktatur kan til dømes arrangere val, men desse er ikkje frie og rettferdige. I Kina blir det gjennomført politiske val på lokalt nivå, men det er i praksis berre eit parti som styrer landet. Dei siste åra har dessutan stadig meir makt blitt lagd til president Xi Jinping. Derfor er det rett å kalle Kina eit diktatur.

Autoritære og totalitære diktatur

Mange diktatur har mykje fokus på lydnad og kontroll. Det er folkets plikt å rette seg etter styresmaktene, og dei risikerer harde straffer viss dei ikkje gjer det. Slike diktatur kallar vi gjerne autoritære. I autoritære diktatur kan ein likevel ha ein del fridom, til dømes i sin eigen heim.

Dersom styresmaktene kontrollerer alle område i samfunnet, kallar vi det eit totalitært diktatur. Historisk sett er kanskje Tyskland under Hitler og Sovjetunionen under Stalin dei mest kjende totalitære diktatura. Også i dag finst det døme på diktatur som i alle fall har totalitære trekk. I Nord-Korea, Iran og Saudi-Arabia har folk liten personleg fridom på ein del område som vanlegvis blir rekna som ein del av privatlivet.

Det blir delt ut mat i ei menneskemengd. Kvinner med fargerike afrikanske klede ber ting på hovudet. Eit barn i møkkete klede et. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Monarki eller republikk?

Eit monarki er eit land der den formelle leiaren ikkje er vald av folket, men har arva posisjonen sin eller har blitt vald av ei lita gruppe av overklassen. Republikkar er land der øvste formelle leiar ikkje er ein slik monark. Både i monarki og republikkar er det stor variasjon i kor mykje makt denne leiaren har i praksis.

Monarki

Monarki blir leidde av ein monark. Monarken kan ha ulike titlar, til dømes konge/dronning, fyrste/fyrstinne, keisar/keisarinne, sultan eller emir. Det er stor forskjell på kor mykje politisk makt ein monark har. Kongen er formelt sett Noregs øvste leiar, men i praksis er det Regjeringa og Stortinget som tek alle politiske avgjerder.

Dagens monarki kan delast i to typar:

Konstitusjonelt monarki
Monarkens makt er avgrensa av ei grunnlov (konstitusjon). Dette fekk vi i Noreg i 1814. Frå då av har Noreg vore både eit monarki og eit demokrati. Dei aller fleste av monarkia i verda i dag er konstitusjonelle.
Einevelde
Monarken har meir eller mindre uavgrensa makt. Eit einevelde er både eit diktatur og eit monarki. Saudi-Arabia eit av få døme på eineveldige monarki i dag.
Støre-regjeringa sit ved eit bord saman med kronprins Haakon og kong Harald. Foto.

Republikk

Ein republikk blir gjerne definert som det motsette av eit monarki – altså ein stat som ikkje har ein monark som øvste leiar. Dette vil som regel seie at rolla som statsleiar ikkje går i arv, i motsetning til i dei fleste monarki. I mange republikkar har den øvste formelle leiaren tittelen president. På same måte som i monarki kan republikkar vere demokrati eller diktatur. Makta til presidenten varierer mykje frå land til land.

Presidentsystem
Presidenten er i nokre land leiar for regjeringa, på same måte som statsministeren i Noreg. Då har presidenten meir politisk makt. Dette gjeld mellom anna i USA. Her blir presidenten vald i eit eige presidentval.
Parlamentarisk republikk
Nokre republikkar har eit parlamentarisk system der fleirtalet i parlamentet bestemmer kven som skal danne regjering. I desse landa har presidenten ei meir symbolsk rolle. Dette gjeld til dømes Tyskland, Island, Italia, India og Pakistan. Denne forma for republikk liknar ein del på det norske systemet, bortsett frå at dei har ein vald president i staden for ein monark som har arva tittelen sin.

Udemokratiske republikkar

Ein del republikkar er også diktatur. Dette gjeld til dømes Kina, der den øvste leiaren har tittelen president. Regjeringa og presidenten i Kina blir formelt utnemnde av parlamentet (folkekongressen). Denne forsamlinga har i praksis lite makt, og møtest berre éin gong i året. I realiteten er det eit råd på nokre få personar som bestemmer kven som skal utnemnast til president, og kven som skal sitje i regjeringa.

To enorme, naturtru  statuar står på ein scene bakarst i ein sal. Framfor dei sit  to-tre rekker på eit opphøgd podium. I salen, vende mot dei, sit mange på rekke og rad. Nordkoreanske flagg står på kvar side. Foto.

Einingsstat eller føderasjon?

Makta til staten kan variere mykje frå land til land. I enkelte land bestemmer staten det meste, mens andre stader er det meir sjølvstyre på lokalt nivå. Dei to styringsformene blir kalla einingsstat og føderasjon.

Einingsstat

I Noreg har staten politisk makt over det aller meste. På nokre område er makta gitt vidare til lokale styresmakter, det vil seie fylke og kommunar. Dette blir kalla ein einingsstat. Eit norsk fylke kan til dømes ikkje legalisere marihuana eller forby abort.

Føderasjon

I føderasjonar (også kalla forbundsstatar) er det omvendt. Dei består av meir eller mindre sjølvstyrte delstatar som har gitt styresmakt over enkelte politiske område til staten. USA og Tyskland er døme på dette. I slike føderasjonar har staten som regel ansvar for mellom anna utanrikspolitikk, forsvarspolitikk og enkelte lover som gjeld heile landet. Derfor varierer det frå delstat til delstat i USA om til dømes marihuana eller abort er lovleg.

Andre omgrep

Aristokrati er eit samfunn der ein overklasse har makta. Ordet kan òg brukast som eit namn på sjølve overklassen. Dette styresettet var vanleg i Europa før mange fekk eit einevelde etter mellomalderen. Her var det adelen som sat med mykje av makta, og statusen som adeleg gjekk i arv.

Autokrati er eit anna ord for diktatur.

Kleptokrati er ei form for diktatur der den eller dei som styrer, bruker makta si til å skaffe seg rikdom. "Klepto" kjem av det greske ordet kleptein, som betyr å stele.

Oligarki betyr fåmannsvelde. Det er ei form for diktatur der makta ligg hos ei lita gruppe menneske.

Parlament (også kalla nasjonalforsamling) er ei forsamling som gjerne har som oppgåve å vedta lover, bestemme skattar og løyve pengar til ulike formål. I eit demokrati skal parlamentet representere befolkninga, og dei som sit der, blir valde gjennom eit demokratisk val. I Noreg heiter parlamentet Stortinget.

Plutokrati er eit rikmannsstyre. Det er eit samfunn der dei rikaste styrar. "Pluto" kjem av det greske ordet pluton, som betyr rikdom.

Regjering er dei som sit med den utøvande makta i ein stat. Ei regjering består ofte av ministrar for ulike politiske område og ein regjeringssjef, gjerne kalla statsminister eller president.

Teknokrati er eit ekspertvelde. Det vil seie at makta ligg hos dei som er fagekspertar på ulike felt. Omgrepet blir ofte brukt nedsetjande for å påpeike at politikarar høyrer for mykje på ekspertar, og at dette går ut over vanlege folks makt i eit demokrati.

Relatert: Kva er demokrati? (blir sett inn når denne er klar)

Kjelder

Autoritær. (2023, 29. juni). I Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/autorit%C3%A6r

Berg, O.T. (2020, 17. mars). Enhetsstat. I Store norske leksikon https://snl.no/enhetsstat

Berg, O.T. (2021, 12. februar). Forbundsstat. I Store norske leksikon. https://snl.no/forbundsstat

Berg, O.T., Garberg, B. & Sjøstedt, G. (2023, 21. juni). Kinas politiske system. I Store norske leksikon. https://snl.no/Kinas_politiske_system

Berg, O.T., Sterri, A.B. & Thorsen, D.E. (2020, 17. juli). Totalitarisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/totalitarisme

Berg, O.T., Thorsen, D.E.. (2023, 18. oktober). Diktatur. I Store norske leksikon. https://snl.no/diktatur

Economist Intelligence Unit Limited. (2023). Democracy Index 2022: Frontline democracy and the battle for Ukraine. https://www.eiu.com/n/campaigns/democracy-index-2022/

Magnus, A. & Viseth, E. (2021, 8. november). Nå starter Kinas partikongress - men valgene er allerede gjort. nrk.no, Urix. https://www.nrk.no/urix/valg-pa-kinesisk-1.8388621

Nordby, T. (2023, 24. april). Parlamentarisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/parlamentarisme

Rønneberg, K. (2021, 17. november). Er Kina et demokrati? Ja, mener landets eneveldige leder. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/verden/i/ALxnmE/er-kina-et-demokrati-ja-mener-landets-eneveldige-lede

Thorsen, D.E. (2023, 16. februar) Monarki. I Store norske leksikon. https://snl.no/monarki

Thorsen, D.E. (2023, 17. januar). Republikk. I Store norske leksikon. https://snl.no/republikk

Thorsen, D.E. (2021, 31. mai). Styreform. I Store norske leksikon. https://snl.no/styreform

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2024

Læringsressursar

Makt og styreformer