Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er demokrati?

Demokrati betyr folkestyre. Men kva vil det seie at eit land er demokratisk? Er det nok at alle har stemmerett, eller handlar det om litt meir?
Hand legg stemmesetel i valurne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike typar demokrati

Dei fleste landa i verda kallar seg demokratiske. Mange av desse landa har eit demokrati som fungerer dårleg. I nokre tilfelle kan vi kalle desse for skinndemokrati. Dette er land som prøver å framstå som demokrati ved til dømes å halde val, men som ikkje kan kallast demokrati på grunn av til dømes utstrekt valfusk, manglande politiske rettar, eller at det er nokre andre enn dei folkevalde som eigentleg styrar landet.

Det skal meir til for å kunne kallast eit velfungerande demokrati enn at ein held val, og at alle har stemmerett. Det er hovudsakleg to ulike måtar å organisere eit demokrati på: direkte demokrati og indirekte demokrati (også kalla representativt demokrati).

Direkte demokrati

Direkte demokrati er demokrati der politiske spørsmål blir avgjorde direkte av folket i folkeavstemmingar. Ingen land er i dag reine direkte demokrati, men nokre bruker folkeavstemmingar oftare enn andre. I Noreg blei det sist halde folkeavstemming på nasjonalt nivå i 1994 då det norske folket stemde nei til medlemskap i EU.

Indirekte demokrati

Indirekte eller representativt demokrati er demokrati der folket vel representantar som styrer landet for dei. Alle moderne demokrati blir hovudsakleg styrte på denne måten.

Barometer i NRK-studio viser nei-fleirtal i EU-avstemminga i 1994. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva gjer eit land demokratisk?

Ordet demokrati er sett saman av dei greske orda demos (folk) og kratos (styre) og betyr folkestyre. Idéen om at alle skal kunne påverke korleis samfunnet blir styrt, bygger på ein tanke om at alle menneske har lik verdi, slik det blir uttrykt i artikkel 1 i FNs fråsegn om menneskerettane:

"Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør." (Den internasjonale fråsegna om menneskerettane, 1948, art. 1).

Her skal vi først og fremst ta for oss demokrati som ei styreform i eit land. Vi kan også finne demokrati, eller noko som liknar på det, i idrettsklubbar, bedrifter, på skulen, i familien og i vennegjengen.

Dei fleste knyter kanskje ordet demokrati til land som har politiske val med stemmerett for alle vaksne innbyggarar. Men kva betyr det at folket styrer i eit land? For å finne ut av det skal vi sjå nærare på tre viktige prinsipp som må vere på plass for at eit land skal kunne kalle seg demokratisk:

  1. like demokratiske rettar

  2. like demokratiske moglegheiter

  3. vern om enkeltmenneskets og minoritetars interesser

Like demokratiske rettar

Det mest grunnleggande dersom eit land skal kunne kalle seg demokratisk, er at alle har like demokratiske rettar. "Alle" vil som regel seie alle vaksne som har statsborgarskap i landet. Like demokratiske rettar blir sikra gjennom stemmerett, ytringsfridom og foreiningsfridom.

Stemmerett

Stemmerett er kanskje den mest sentrale politiske retten i eit demokrati. I Noreg har til dømes alle norske statsborgarar over 18 år stemmerett ved stortingsvala. Det finst mange døme på at ulike grupper i samfunnet ikkje har hatt stemmerett. Kvinner, fattige og ulike etniske grupper har til dømes vore utestengde frå å delta i val i dei fleste land – også i Noreg. I nokre land er det slik framleis. Slike avgrensingar på stemmeretten gjer eit land mindre demokratisk.

For at stemmeretten skal ha noka betydning, er det viktig at valet er organisert på ein måte som blir oppfatta som demokratisk og rettferdig. Dessutan må ein ha ordningar som forhindrar juks og manipulering, såkalla valfusk. Resultatet av valet må også ha noko å seie for politikken som blir ført i landet. Det betyr at dei folkevalde må ha makt. Det hjelper ikkje å ha politiske val viss det er nokre andre enn dei folkevalde som sit med den reelle makta i landet.

Kvinne iført nikab held opp ein peikefinger med blekk på. Foto.

Ytringsfridom og foreiningsfridom

Politisk påverking er meir enn stemmerett. I tillegg har alle i eit demokrati rett til å engasjere seg politisk. Det gjeld uansett alder. Vi kan skrive lesarinnlegg i ei avis, gå i demonstrasjonstog, starte ein underskriftskampanje eller melde oss inn i ei fagforeining eller eit politisk parti og stille til val som politikar. For å sikre dette har vi foreiningsfridom og ytringsfridom. Dette er rettar alle har i eit demokrati.

Like demokratiske moglegheiter

Eit velfungerande demokrati må ha som mål at flest mogleg deltek i demokratiet. Når du stemmer ved eit politisk val, gir du i prinsippet frå deg makta til dei du stemmer på for ein periode. I Noreg er desse periodane på fire år. Det betyr at dei som blir valde, får meir makt enn andre, men for å hindre at dei folkevalde misbruker den makta dei får, må ho avgrensast.

For å sikre mest mogleg like demokratiske moglegheiter må vi altså få flest mogleg til å delta i demokratiet og samtidig avgrense makta til dei folkevalde. Det finst fleire måtar å gjere dette på. Vi skal sjå på nokre av dei.

Auka valdeltaking

Sjølv om alle har like rettar til å delta og påverke politisk, betyr ikkje det at alle gjer det i praksis. For det første kan folk la vere å stemme ved val. Ved stortingsvalet i 2021 var det over 20 % av veljarane som ikkje brukte stemmeretten sin. I praksis er det vanskeleg å få alle til å stemme, men det er eit mål for eit demokrati som Noreg at flest mogleg stemmer ved val.

Kunnskap og tilgang til informasjon

For at folket skal forstå det politiske systemet og halde seg oppdatert, er det nødvendig med kunnskap og tilgang til informasjon. I ein del land er det vanskeleg å få til demokrati på grunn av mykje analfabetisme, det vil seie at mange ikkje kan lese eller skrive. Derfor er retten til utdanning ein viktig føresetnad for at demokratiet skal fungere.

Elevar i klassesituasjon på barneskule. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg å gå på skule må ein også kunne følge med i politikken som blir ført i landet. Eit demokrati treng frie og uavhengige medium som kan rapportere om kva som skjer, formidle ulike meiningar og avsløre kritikkverdige forhold i samfunnet utan å bli sensurerte. Når alle har tilgang til skule og media, har også alle høve til å delta i demokratiet.

Maktfordeling

Stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmer har meir politisk makt enn folk flest. Slik må det vere i eit representativt demokrati der vi vel nokre som skal styre landet på vegner av oss. Men det finst fleire måtar å avgrense denne makta på slik at vi unngår maktmisbruk. Dei fleste demokrati følger det såkalla maktfordelingsprinsippet. Det vil seie at dei viktigaste oppgåvene til staten er fordelte på tre ulike institusjonar.

Maktfordelingsprinsippet

Dei tre statsmaktene

Oppgåver

Institusjon

Den lovgivande maktaVedta lover og budsjettDen folkevalde forsamlinga (i Noreg: Stortinget)
Den utøvande maktaSørge for at det den lovgivande makta vedtek, blir utførtRegjeringa
Den dømmande maktaTolke lovene og dømme etter loveneDomstolane

Fordeling av makt mellom ulike personar eller institusjonar blir ofte brukt på fleire område enn denne tredelinga av staten. I Noreg har vi til dømes overlate ein del lokal makt til lokale styre i kommunar og fylkeskommunar. Det motsette av ei slik maktfordeling vil vere eit diktatur, der all makt ligg hos éin person.

Hindre korrupsjon og habilitetsbrot

Viss nokon får mykje politisk makt på grunn av at dei har mykje pengar eller fordi dei er nær venn eller i familie med nokon i regjeringa, kan dette bli eit problem for demokratiet. Sjå for deg at ein rik næringslivsleiar gir politikarar pengar for at dei skal stemme for ei sak som bedrifta vil tene pengar på. Dette blir kalla korrupsjon og er ulovleg. Eit velfungerande demokrati har lite korrupsjon.

Viss ein politikar tek avgjerder for at hen sjølv, ein nær venn eller ein familiemedlem skal tene på det, gjer politikaren seg skuldig i habilitetsbrot. Viss det til dømes dukkar opp ei sak på bordet til næringsministeren der ein nær venn eller slektning er innblanda, skal ministeren erklære seg sjølv inhabil. Det vil seie at ein seier frå om at ein ikkje kan behandle saka på grunn av for sterke band til nokon som på ein eller annan måte er innblanda i saka. Viss ein i regjeringa ikkje melder frå i slike tilfelle, og dermed bryt habilitetsreglane, fører det gjerne til at hen må forlate regjeringa. I grove tilfelle kan det òg vere straffbart.

Lover mot korrupsjon og habilitetsbrot skal altså hindre at nokon får mykje makt berre fordi dei har mykje pengar eller fordi dei kjenner nokon med makt.

Den korte filmen under tek opp spørsmål om habilitet og tillit til politikarane.

Vern om interessene til enkeltmenneske og minoritetar

I eit demokrati er det fleirtalet som bestemmer. Men kva om fleirtalet bestemmer at dei skal forfølge enkelpersonar eller spesielle grupper i samfunnet? Kanskje huset, stemmeretten, ytringsfridommen eller statsborgarskapen blir teke frå ein? Kanskje nokon hamnar i fengsel eller blir avretta utan rettssak? Heile grupper i samfunnet kan bli hindra frå å utøve religionen eller kulturen sin. Minoritetsgrupper kan til og med bli freista utrydda. Alt dette skjer i dag i fleire land som kallar seg demokratiske. Derfor treng enkelmenneske og minoritetsgrupper rettar som skal forhindre overgrep og diskriminering.

Hitler står i ein open bil og helser på tilhengarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettssikkerheit

Rettssikkerheit er eit viktig prinsipp i eit demokrati og skal verne enkelpersonar frå å bli uskyldig dømde eller utsette for lovbrot. Her er nokre av prinsippa som bør vere på plass for å ha rettssikkerheit:

  • Alle avgjerder som styresmakter tek, skal følge lovene i landet.

  • Ein kan ikkje straffast utan dom.

  • Ein har rett til å få prøvd saka si i ein nøytral domstol.

  • Ein blir rekna som uskyldig inntil det motsette er bevist.

  • Alle er like for lova; det skal ikkje vere urettferdig forskjellsbehandling.

  • Alle partar i ei sak skal ha høve til å seie si meining i saka.

Rettar som vernar minoritetar

I FNs menneskerettar er vern av minoritetar og utsette grupper sentralt. Urfolk har eit spesielt vern. Urfolk er folkegrupper som skil seg frå majoriteten i eit land, og som har eksistert i landet lenge før landegrenser og staten vart etablerte. Urfolk har som regel blitt utsette for diskriminering og overgrep frå styresmakter og majoritetsbefolkning. Urfolksrettar skal sikre at slik diskriminering og overgrep ikkje skjer, og bidra til at urfolk kan bevare sin eigen kultur og språket sitt.

I Noreg har vi eit urfolk: samane. Men vi har òg fem såkalla nasjonale minoritetar: kvenar/norskfinnar, skogfinnar, jødar, romar og romanifolk/taterar. Dette er etniske grupper med eigen kultur som har langvarig tilknyting til eit land. Nasjonale minoritetar har ein del av dei same rettane som urfolk, men urfolk har sterkare vern på nokre område.

I eit demokrati skal ingen bli utsette for diskriminering eller forfølging uansett årsak. I Noreg har vi eigne lover som vernar oss mot å bli diskriminerte på grunnlag av til dømes religion, etnisitet, kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet eller funksjonsnedsetjingar.

Rettar som vernar minoritetar, er nødvendige for å minne oss om det som er sjølve grunnlaget for demokratiet, nemleg at alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar.

Kjelder

FN-sambandet. (2023, 27. februar). Demokrati og medborgerskap. https://fn.no/tema/menneskerettigheter/demokrati-og-medborgerskap

FN-sambandet. (2023, 23. juni). Urfolk og nasjonale minoriteter. https://fn.no/tema/menneskerettigheter/urfolk-og-nasjonale-minoriteter

De forente nasjoner. (1948). Verdenserklæringen om menneskerettigheter. FN-sambandet. https://fn.no/avtaler/menneskerettigheter/fns-verdenserklaering-om-menneskerettigheter

Hovde, K. O., Svensson, P & Thorsen, D. E. (7. februar 2024). Demokrati. I Store norske leksikon. https://snl.no/demokrati

Larsen, K. M. (25. november 2023). Foreningsfrihet. I Store norske leksikon. https://snl.no/foreningsfrihet

Malnes, R. (2015). Den vanskelige kjærligheten til demokratiet. I Malnes, R. & Thorsen D.E. (Red.). Demokrati (s. 13-32). Dreyers forlag.

Statistisk sentralbyrå. (2023, 1. november). Valgdeltakelse. https://www.ssb.no/valg/stortingsvalg/statistikk/valgdeltakelse

Statsministerens kontor. (2023). Håndbok for politisk ledelse. [Brosjyre]. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/handbok-for-politisk-ledelse2/id2478689/

Thorsen, D. E. (2023, 13. september). Maktfordelingsprinsippet. I Store norske leksikon. https://snl.no/maktfordelingsprinsippethttps://snl.no/maktfordelingsprinsippet

Wig, T. (2023, 7. desember). Hvordan står det til med demokratiet? NUPI skole. https://www.nupi.no/skole/hvor-hender-det/2023/hvordan-staar-det-til-med-demokratiet

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2024

Læringsressursar

Makt og styreformer