Maktaktørar
Statar er viktige aktørar i verdssamfunnet. I dag finst det over 200 statar i verda, og dei fleste av dei er medlem av FN. Statar kan operere på eiga hand eller i organisasjonar. Det er mange ulike organisasjonar i verda. Nokre av dei er verdsomspennande, slik som FN og Det internasjonale pengefondet, mens andre er regionale, slik som EU og NATO.
Dei organisasjonane som er nemnde over, har statar som medlemmer og kjempar for interessene til medlemsstatane på blant anna militære og økonomiske område. Men det finst også ein annan type organisasjonar, nemleg dei ideelle. Eksempel her kan vere Raudekrossen, Amnesty International og OSSE (Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa). Dette er organisasjonar som jobbar for å styrke verdiar som demokrati, fred og menneskerettar i verdssamfunnet, og som hjelper menneske i naud. Både statar aleine og organisasjonar har makt.
Fleirnasjonale selskap er ei anna gruppe aktørar i verdssamfunnet. Dette er selskap som har kontor eller fabrikkar i fleire land. Fleirnasjonale selskap kan ha mykje makt i og med at dei gjerne har mange hundre tusen tilsette og budsjett større enn heile statsbudsjett. Nokre norske selskap er også fleirnasjonale, for eksempel Equinor og Elkem. Equinor er representert i over 30 land verda over.
Organiserte kriminelle, ofte kalla mafia, er eit stort problem på den internasjonale arenaen, og representerer ei eiga gruppe maktaktørar. Desse kriminelle gruppene driv blant anna med sal av våpen og med organisert prostitusjon og menneskesmugling.
Andre grupper vi ofte ser på som utprega negative, er dei ulike terrorgruppene. Al Qaida, som tok på seg ansvaret for terroraksjonane mot USA 11. september 2001, er ei slik gruppe. Likevel vil tilhengjarane av Al Qaida gi eit bilete av ein ideell organisasjon som forsvarer heilage verdiar mot åtak frå Vesten. Det samme gjeld ei nyare gruppe, nemleg IS (Den islamske staten). IS er ei militant gruppe, som ofte blir rekna for å vere ei terrorgruppe. IS opererer militært i Syria og Irak, men har også teke på seg ansvar for ei rekkje terroraksjonar, blant anna i Europa. At IS har blitt ein maktaktør, spesielt sidan 2014, er sikkert.
Alle desse aktørane bruker dei forskjellige typane makt for å oppnå måla sine. Det kan vere anten militær, økonomisk eller ideologisk makt, eller ein kombinasjon av dei.