Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Makt i internasjonale forhold

Kva er makt i det internasjonale samfunnet, og kva slags former for makt kan statar og andre aktørar bruke? Dette er spørsmål du skal svare på i denne oppgåva.
Oljerig ved land ved Sotra. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Kva er forståinga di av makt? Bruk dine eigne ord.

Oppgåve 2

  1. Gi minst tre døme på bruk av makt i internasjonale forhold. Døma skal vere innanfor kvar sin maktkategori: økonomisk makt, militær makt og ideologisk makt. Prøv å finne andre døme enn dei som finst i tekstane her på NDLA.
  2. USA sin invasjon av Irak var i strid med FN-pakta. Har du fleire døme på bruk av militær makt som har vore i strid med FN?
  3. Korleis har ein prøvd å bruken av militær makt? Sjå om du kan finne eit par ulike døme.

Oppgåve 3

Korleis kan makt løyse konfliktar? Kom med døme og forklar korleis makt hjelpte til med å løyse konflikten. Du må òg definere kva slags type makt det er snakk om.

Tips: Viss det er vanskeleg å komme på konfliktar, kan du gjerne bruke FN-sambandet sitt ressurs om konfliktar.

Oppgåve 4

Har du døme på at bruk av makt har forverra ein konflikt? Her vil vi ikkje berre ha dømet, men også ei forklaring på kvifor du meiner makt har forverra konflikten. Det kan vere ulike meiningar om kva bruken av makt har ført til. Kom gjerne med fleire haldningar til spørsmålet. Husk å definere kva slags type makt det er snakk om.

Bruk gjerne lenkja frå oppgåve 3.

Relatert innhald

Vi er alle medlemmer i verdssamfunnet, men kan bli delt inn i forskjellige grupper av aktørar. Nokre av desse har større påverknadskraft eller makt.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020

Læringsressursar

Makt og styreformer