Makt
Makt vil seie at ein har evna og moglegheita til å få andre til å gjere som ein vil, også viss det ein vil dei skal gjere, er noko dei elles ikkje ville ha gjort. Når nokon utøver makt, er det alltid slik at det er eit ikkje-likeverdig forhold mellom partane. Makt er eit omgrep som kan ha forskjellige definisjonar i ulike samanhengar.
Det er avgjerande for ein som har makt å kunne legitimere makta si. Ei mor kan legitimere makta si overfor barnet gjennom det faktum at ho er vaksen og veit betre, eller at ho har det juridiske ansvaret for oppsedinga av barnet. Ein statsleiar kan hevde at makta er gitt av Gud, slik det var tilfelle med dei eineveldige europeiske kongane på 16- og 1700-talet. Makta kan vere gitt av folket, slik det er i eit demokrati. Adolf Hitler legitimerte det tyske folket sin rett til å herske over verda gjennom å påstå at dei var eit overlegent folkeslag. Så lenge folket er overtydd eller ikkje tør å protestere, treng ikkje grunnlaget for legitimeringa vere godt.
Det er viktig å skilje makt frå autoritet. Dersom ein har autoritet, kan ein få gjennomslag for måla sine utan at det skjer mot andre sin vilje. Vi kan seie at autoritet er makt med legitimitet. Det er også viktig å hugse på at makt ikkje alltid er det same som tvang. Tvang er berre ein av måtane ein kan utøve makt på – for eksempel gjennom militær makt. Ein kan også utøve makt ved å overtale eller ved å produsere eller bytte varer.
Vi skil mellom militær, økonomisk og ideologisk makt. Korleis makta blir utøvd, kjem an på kva middel det er tilgang på, om maktbruken er legitim, og kva ein ønskjer å oppnå.
Med militær makt meiner vi militære styrkar. Kor stor den militære styrken til eit land er, har noko å seie for kor stor militær makt det internasjonale samfunnet oppfattar at landet har. Når vi her snakkar om storleik, meiner vi ikkje berre kor mange soldatar eller våpen styrken har, men også kva type våpen. Eit land med langdistanserakettar og atomvåpen vil overgå eit land med mange soldatar.
Dei fleste land held seg med militær makt for å verne seg sjølve mot åtak utanfrå. Militær makt kan også bli brukt som trugsmål eller til konkret å gå til åtak på andre land. I tillegg kan militær makt bli brukt i borgarkrigar. FN-pakta seier at det berre er FNs tryggingsråd som har rett til å bruke militær makt i internasjonale konfliktar. Ein annan stat kan derimot bruke militær makt i sjølvforsvar. FN-pakta strekar under at det er forbode med åtakskrig.
Økonomisk makt er oftast knytt til rikdom og fordeling av gode. Økonomisk makt kan blant anna vere basert på tilgang til naturressursar eller kontroll over produksjonsmiddel. En arbeidsgiver sørger for lønnen til sine ansatte, og har dermed økonomisk makt over arbeidstakerne sine. Handlekrafta til ein stat heng nært saman med dei økonomiske ressursane staten rår over. Her er ikkje store land alltid meir handlekraftige enn små.
Naturressursar som er spesielle for eit område og som andre nasjonar og selskap har stort behov for, til dømes i industriell utvikling som mobiltelefonar, vil ha stor makt i forhandlingar når det gjeld pris på eksport av desse naturressursane.
G7-landa saman med EU har stor økonomisk makt i verda, då dette er dei ledande industrialiserte landa. Dette er eit lukka forum der dei møtast til samtalar og for å forbetre handelen seg i mellom.
I ein periode heitte forumet G8, då Russland også var med. Då Russland invaderte Krimhalvøya i Ukraina i 2014, reagerte dei andre medlemslanda med å stenge russarane ute, og gruppa blei etterpå hetande G7. For Russland fekk det store økonomiske konsekvensar, fordi det avgrensa moglegheitene til å handle med andre land.
Ideologisk makt er makt over tankar, verdiar, kjensler og sjølvoppfatning. Vi kan seie at det handlar om å kunne påverke andre utan å bruke økonomisk eller militær makt. Den ideologiske makta ligg i dei omgrepa som gir meining til verda omkring oss. Vi kan seie at ideologisk makt er ei form for mjuk makt eller «overtalingsmakt». Ein aktør kan bruke felles verdiar og tankar for å oppnå støtte og på den måten ha ideologisk makt.
Dei politiske partia både i Noreg og i andre demokrati står for forskjellige ideologiar. I ein valkamp vil ideologiske motsetningar mellom dei forskjellige politiske partia bli ekstra synlege.
I det internasjonale samfunnet handlar makt om kva moglegheiter ein stat eller organisasjon har til å få gjennom sine ønske og behov. Den tredelinga av makt i lovgivande, utøvande og dømmande som vi finn i demokratiske statar, har vi ikkje i det internasjonale samfunnet. Dette inneber altså at nokon er gitt rett, og maktbruk kan dermed opplevast urettferdig. Nokon har bestemt at deira avgjerder er meir legitime enn dei andre sine.
Relatert innhald
Vi er alle medlemmer i verdssamfunnet, men kan bli delt inn i forskjellige grupper av aktørar. Nokre av desse har større påverknadskraft eller makt.