Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike styreformer

Ein demokratiindeks skil mellom styreformene i land og kor vellykka demokratiet er. Du skal her velje land ut frå indeksen.
Demonstrasjon i Kiev med ukrainske flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk demokratiindeksen frå Economist Intelligence Unit. Han rangerer tilstanden til demokratiet i 167 land. Han er lettast lesbar og tilgjengeleg i Wikipedia-sida Democracy Index (på engelsk) Der finn du heile lista med kategoriar frå fungerande demokrati, via ufullstendige demokrati, til hybridregime og ned til autoritære regime, som er det same som diktatur.

Oppgåve

Vel deg minst tre land som tilhøyrer ulik kategori. Du må sjølv søkje opp informasjon om desse landa. Her kan FN-sambandet sine landssider vere til nytte, men kanskje må du gjere nokre ekstra søk.

Finn ut kva det er som gjer at dei ulike landa hamnar i desse kategoriane. Kvifor er eit demokrati ufullstendig, til dømes? Og kva er eit hybridregime?

Sjå om du kan finne ut følgjande:

  • Offisiell styreform
  • Er val frie og rettferdige?
  • Befolkninga sine rettar
  • Pressefridom
  • Nivå av deltaking i samfunnet (til dømes demonstrasjonar, medlem i parti eller interesseorganisasjon)
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Makt og styreformer