Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er EØS-avtalen?

Noreg er ikkje EU-medlem, men vi er med i EUs indre marknad gjennom EØS-avtalen. Her får du ei oversikt over kva avtalen går ut på.

Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, EØS, er ein avtale som Noreg inngjekk med EU i 1994. 70 prosent av norsk import og 80 prosent av norsk eksport skjer med EU-landa. Gjennom ordninga med EØS får Noreg fri tilgang til den indre marknaden i EU, og til dei fire fridommane: fri utveksling av varer, tenester, kapital og arbeidskraft.

Då blir det ikkje lagt toll eller avgifter på handelen med EU (bortsett frå landbruksprodukt). Noreg betaler den største kontingenten av i alt tre land som er med i denne ordninga, og som til saman betaler ca. 25 milliardar kroner i året. Noko av EØS-midlane kjem tilbake til Noreg som stipendordningar for deg som skal utdanne deg i eit EU-land, eller til prosjekt som støttar kultur og samhandling over landegrensene. Andre delar av kontingenten frå Noreg bruker EU for å utjamne økonomiske og sosiale forskjellar mellom medlemslanda i EU.

Når det gjeld utdanningsprogramma, er det SIU (Senter for internasjonalisering av utdanning) som organiserer dette i Noreg. Det viktigaste programmet er nye Erasmus+, EU-programmet for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014–2020.

Bakgrunn for EØS-avtalen

Frå 1973 hadde EFTA-landa ein frihandelsavtale med det som då heitte EF. Dette var bilaterale avtalar mellom EF og kvart enkelt EFTA-land og dekte berre delar av handelen mellom dei. For Noreg sin del gjaldt dette først og fremst tollfridom på industrivarer.

I 1987 trådde den såkalla Enhetsakten i kraft i EF, som då bestod av tolv land. Det blei grunnlaget for den indre marknaden. Gjennomføringa av den indre marknaden innebar at EFTA-landa risikerte å møte handelshindringar – hindringar som blei avvikla internt mellom medlemslanda i EF. Noreg og EFTA meinte dette ville føre til at konkurransekrafta til norske bedrifter og EFTA-bedrifter blei svekt samanlikna med den konkurrentane i EF hadde. Dette var ein viktig bakgrunn for avtalen om det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, EØS-avtalen. (EU/EØS-håndboken, Utenriksdepartementet, 2012, s. 15)

EØS-avtalen blei underteikna 2. mai 1992 mellom det som då var sju EFTA-land og tolv EF-land. I 1994 blei det halde folkeavstemming om EU-medlemsskap i Austerrike, Sverige, Finland og Noreg. Berre Noreg sa nei, dei tre andre landa gjekk ut av EFTA og blei medlemmer av EU frå 1. januar 1995.

I ettertid har fleire og fleire land blitt medlemmer av EU, særleg etter utvidinga med dei austeuropeiske landa. Det er likevel ett unntak så langt. I en folkeavstemning i 2016 stemte Storbritannia for å melde seg ut. Denne utmeldingsprosessen har nå startet.

Rettar og plikter

Hovudintensjonen med EØS-avtalen er at norske bedrifter og borgarar har same tilgang til den indre marknaden som bedrifter og borgarar i EU-landa. Dette gjeld handel med varer, investeringar, bank og forsikring, kjøp og sal av tenester og rett til å ta arbeid, studere og bu i andre land i området.

EUs regelverk blir fortløpande teke inn i EØS-avtalen slik at det gjeld for alle landa som har skrive under avtalen.

EFTA-landa som er med i EØS-avtalen, har ikkje moglegheit til å delta i avgjerdsprosessen i EU, men landa kan komme med innspel i den førebuande fasen når EU-kommisjonen utarbeider forslag til nye rettsakter, som er lovar som ligg under hovudreglane i EU-traktaten.

Noreg er gjennom EØS-avtalen pliktig til å la eit eige overvakingsorgan, ESA, og ein eigen EFTA-domstol overvake at norske styresmakter og verksemder held avtalen.

Kjelder

NOU 2012: 2. (2012). Utenfor og innenfor. Norges avtaler med EU. Departementenes servicesenter, Informasjonsforvaltning. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2012-2/id669368/

Utenriksdepartementet. (2016). EU/EØS-håndboken. https://www.regjeringen.no/globalassets/departementene/ud/vedlegg/europapolitikk/eu_eos_handbok2016.pdf

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er Schengen-samarbeidet?

Frå 1990 har EU-landa hatt ein avtale om felles grensekontroll. Noreg, Sveits, Liechtenstein og Island er fire ikkje-EU-land som òg har skrive under på avtalen.

Fagstoff
Noreg: utanfor og innanfor EU

Noreg er ikkje medlem av EU, men gjennom avtalar som EØS-avtalen og Schengen-avtalen og andre avtalar direkte med EU er Noreg tett integrert med EU.