Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utfordringane i demokratiet

I denne oppgåva skal du drøfte ulike dilemma og utfordringar vi møter i demokratiet.
Menneske demonstrerar før valet i Sør-Sudan. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Å vere i mindretal

Drøft følgjande spørsmål. Bruk nokre minutt på skrive ned nokre stikkord for deg sjølv før de diskuterer i grupper.

  1. Kvifor trur du det kan vere vanskeleg for ein minoritet å få fram meiningane og behova sine i eit demokrati?
  2. Kan du komme på døme på nokon grupper som ikkje blir høyrde? Kva kan dei i så fall gjere for å bli høyrde?
  3. Korleis bør eit demokrati leggje til rette for at minoritetar skal komme til orde?
  4. Klarar du å finne døme der majoriteten i eit land er dei som ikkje blir høyrde, og at det er minoriteten som styrer?

Oppgåve 2: Kommunesamanslåingar

1.1.2020 vart det gjennomført ei rekkje kommunesamanslåingar i Noreg. Mange kommunar har no altså vorte større. Diskuter om dette er til det betre eller verre for lokaldemokratiet.

Oppgåve 3: Demokrati under press?

I eit demokrati har vi folkestyre. Det vil seie at representantar som skal styre landet er valde av folket, og at folket sjølv kan delta i politiske parti, organisasjonar og interessegrupper.

  1. Les del 2: " Hva er demokrati?" i denne artikkelen frå NUPI skole Demokrati under press. Finn ut kva kjenneteikna på eit liberalt demokrati er.
  2. Kan eit land vere demokratisk sjølv om det ikkje er eit liberalt demokrati?
  3. Les del 4: "Autoritær tendens" i same artikkel frå NUPI skole som i oppgåve 3a. Der kan du lese om autoritære, eller illiberale, tendensar i nokre demokrati. Vel deg eit av landa som blir nemnde som illiberale demokrati og undersøk kva slags endringar som har skjedd i dette landet som gjer at demokratiet der er under press.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020

Læringsressursar

Makt og styreformer