Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvpresentasjon og identitet

Vi har mange måtar å kommunisere identitet og kulturell tilhøyrsel eller avstand på. Vi seier at vi speler ut identiteten vår i samspel med andre.
Ei hand held ein mobiltelefon med bilete av ei jente som har logoar frå ulike sosiale medium i ei tenkeboble over hovudet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sosiologen Erving Goffmann er ein viktig teoretikar når vi snakkar om identitet som noko som blir til i samspelet med omverda. Han brukte omgrep frå teaterverda for å beskrive at identiteten vår blir til gjennom stadige «skodespel» eller «framsyningar» (performances) der vi speler roller i kvardagen. Identitet blir då ei rolle du må spele, og publikumet ditt får mykje å seie for korleis du vel å spele ho.

Denne prosessen kallar vi for «sjølvpresentasjon», og teoriane om dette blir mykje brukte i dag for å forstå korleis identiteten vår blir uttrykt og danna i samspelet med andre, spesielt på sosiale medium.

Det er viktig å vere truverdig

Goffmann peika på at menneska vi møter, vil vurdere framsyninga vår som truverdig eller ikkje. Spelereglane i kvardagen seier nemleg at vi må vere autentiske i møte med andre, vi må «vere oss sjølve». Rolla du speler, kan altså ikkje bryte heilt med det dei andre oppfattar at du er, og derfor er vi òg opptekne av kva andre tenkjer om oss. Det kan vere vondt å merke at du ikkje blir godteken som den du er, og om menneska rundt deg ikkje ser på deg som truverdig i den identiteten du vel å spele ut i kvardagen.

Sminke og kostyme er viktige verkemiddel for skodespelarar når dei skal ta på seg ei rolle, og er òg ein viktig del av sjølvpresentasjonen vår. Det er kanskje derfor vi unngår klede som «ikkje er heilt meg», fordi vi er redde for at vi presenterer oss på ein ikkje-truverdig måte?


Tenk over / diskuter

Kva slags klede er «ikkje heilt deg»? Kvifor ikkje?

Kva tenkjer du om at det er viktig å vere seg sjølv, samtidig som identitet handlar om å spele ei rolle?

Kan du kome på døme der sjølvpresentasjonen til nokon ikkje har blitt godteken som truverdig?


På scena og av scena

Goffmann peika òg på forskjellen mellom korleis vi presenterer oss sjølve «på scena» og «av scena». Når du er på scena, er du i situasjonar der du må vere klar over rolla du speler, og på korleis publikumet ditt vil ta imot deg.

På scena vil du ofte vise deg frå di beste side, så du prøver å kontrollere kva slags inntrykk du gjer på publikummet ditt. Er du av scena, er du i ein situasjon der du ikkje treng å tenkje på å framstå på ein bestemd måte. Eit døme på dette er korleis vi presenterer oss sjølve i sosiale medium. Kan du sjå forskjell på korleis vi vel å framstå på bileta vi legg ut på opne profilar på nett, og på bileta vi deler berre med dei næraste?


Rekvisittar og kulissar

Tinga vi omgir oss med og stadene vi er på, kan vi sjå på som kulissar og rekvisittar som byggjer opp under sjølvpresentasjonen vår.

Vi held fram med å bruke sosiale medium som døme: Kvifor er nokre stader meir Instagram-venlege enn andre? Kvifor tek vi bilete av avokado-smørbrødet når vi ikkje ville drøymt om å ta bilete av brødskiva med makrell i tomat? Og kva ønskjer vi å seie om oss sjølve når vi deler bilete frå toppen av eit fjell?

«Identitetsmarkør» er eit nyttig omgrep når du skal undersøkje korleis vi kommuniserer og skaper kulturell identitet. Desse markørane er signal som seier kven vi er og kven vi ønskjer å vere, og vi bruker dei for å tolke andres identitetar. Alder, kjønn, yrke, klassetilhøyrsel, rase, etnisitet, klesstil, fritidsinteresser og musikksmak er døme på vanlege identitetsmarkørar.


Tenk over / diskuter

Kan du finne døme på vanlege identitetsmarkørar frå sosiale medium, altså noko ved bileta som seier noko om kven du er, eller som du bruker til å tolke kven andre er?

Kven bestemmer kva som er riktig og gale?

Dei fleste av oss veit kva bilete som vil få mange «likes» på sosiale medium, og kva bilete vi ikkje ønskjer å dele med omverda. Korleis veit vi dette? Når vi meir eller mindre ubevisst vel korleis vi framstiller oss sjølve på sosiale medium, gjer vi det på bakgrunn av signal vi får frå omverda.

Bileta som andre legg ut på sosiale medium, påverkar oss ved at dei gir oss førebilete vi vil likne på, samtidig som dei er med på å definere rammene for kva som er normalt. Saman med likerklikk og kommentarar blir dette til normer og verdiar som du styrer etter når du konstruerer identiteten din gjennom sjølvpresentasjon.

Denne filmen beskriv korleis sjølvpresentasjon på sosiale medium påverkar oss:

Tenk over / diskuter

Korleis kan vi vere «oss sjølve» på sosiale medium?

Kjenner du deg igjen i kva ungdomane i filmen seier?

Har du døme på at bilete på sosiale medium har påverka identiteten din ved at dei har gitt deg idear om korleis du bør sjå ut eller oppføre deg?

Kjenner du til profilar på sosiale medium som er med på å omdefinere kva som blir sett på som normalt?


Litteraturliste:

Bessant, J. & Watts, R. (2020). Sociology Australia. New York: Routledge.

Goffman, E. (1956). The Presentation of Self in Everyday Life. Edinburgh: University of Edinburgh.

Tjora, Aksel: «Erving Goffmann» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 10. september 2020 frå https://snl.no/erving_goffman

Weihe, Hans-Jørgen Wallin: «Pierre Bourdieu» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. september 2020 frå https://snl.no/pierre_bourdieu


CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: Film-konsulentene
Sist fagleg oppdatert 10.09.2020

Læringsressursar

Kultur og identitet