Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kulturuttrykk og avkolonisering på Grønland

Sjå dokumentaren Kampen om Grønland, og utforsk korleis kulturuttrykk blir brukt for å styrkje sjølvstende i landet som har vore styrt av Danmark sidan koloniseringa på 1700-talet.
Sokkelen på ein statue av Hans Egede på Grønland har fått ordet «Decolonize» spraya på med raudmåling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du ser filmen

Les artikkelen om kulturuttrykk under før du ser filmen. Her finn du omgrep og perspektiv du kan bruke til å utforske kva filmen seier om kulturuttrykk og kulturell identitet på Grønland i dag.

Relatert innhald

NRK: Kampen om Grønland

I dokumentaren Kampen om Grønland møter du blant anna Panninguaq og Josef, to unge menneske som prøver å skape ein grønlandsk kulturell identitet som koplar tradisjon og framtid. Etter å ha vore ein koloni under Danmark, har mange delar av grønlandsk kultur blitt undertrykt. Innbyggjarane i landet er råka av rus og ein skyhøg sjølvmordsrate. Er sjølvstende vegen framover for Grønland?

Panninguaq og Josef

  • Kva fortel Panninguaq om tatoveringane sine og kva dei betyr for ho?
  • Kvifor vil ho ikkje syngje på engelsk i skulemusikalen ho er med på?
  • Kva fortel Josef om tatoveringane sine og kva dei betyr for han?
  • Kvifor trur du han har valt akkurat hiphopsjangeren som kulturuttrykk?
  • Kvifor vil han at barnet hans skal lære engelsk?

Grønland

  • Kva lærer du om historia til Grønland i denne dokumentaren?
  • Kva argument for å bli sjølvstendig møter du i filmen?
  • Kva argument for å halde fram med å vere ein del av Danmark møter du?
  • «Systemet er ikkje tilpassa kulturen», seier ein av grønlendarane i dokumentaren og knyter dette til sjølvmord og psykisk helse på Grønland. Diskuter: Korleis kan det gjere deg sjuk å leve i eit system som ikkje lar deg leve ut kulturen din?

Avkolonisering

I byrjinga av filmen deltek Josef og Panninguaq på ei prisutdeling på eit hotell som har fått namn etter nordmannen Hans Egede. Les denne NRK-saka om statuen av Egede, og svar på spørsmåla under:

NRK: Statue av nordmann har skapt sinne – nå får den stå

  • Kven var Hans Egede?
  • Kva betyr «avkoloniser», og kvifor har nokon spraya det («decolonize» på engelsk) på statuen?
  • Diskuter: Korleis kan kulturuttrykk som statuar, musikk og tatoveringar bidra til avkolonisering på Grønland?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020

Læringsressursar

Kultur og identitet