Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Globalisering og kulturell identitet

Bruk det du har lært om globalisering og kulturell identitet, til å utforske korleis dette heng saman.

Få oversikt over fagstoffet

Les om globalisering og kulturell identitet i fagartikkelen under.

Bruk Cornell-metoden til å notere stikkord som hjelper deg med å få oversikt over innhaldet i artikkelen. Du kan notere med penn og papir eller på skjermen. Eit slikt notat skal innehalde:

  • ei setning som oppsummerer det du meiner er hovudspørsmålet eller problemstillinga i artikkelen, heilt øvst i notatet
  • eit to-kolonne-notat der du noterer hovudpoeng i teksten og eventuelle spørsmål teksten stiller, i kolonnen til venstre, og detaljar og utdjupingar til dette i kolonnen til høgre
  • ei oppsummering av innhaldet i teksten til slutt

Du kan bruke dokumentet under som utgangspunkt.

Filer

Relatert innhald

Korleis påverkar globaliseringa oss på ulike måtar? Kan omgrepa «somewheres» og «anywheres» vere nyttige for å beskrive kulturell identitet?

Utforsk global ungdomskultur

I artikkelen om globalisering og kulturell identitet møter du denne påstanden:

«På grunn av internett har vi fått ein eigen global ungdomskultur, der unge på tvers av landegrenser har meir til felles med kvarandre enn dei har med vaksne frå heimstaden sin.»

  1. Jobb i par eller grupper med å finne minst tre døme på dette.
  2. Del det de har funne, i klassen.
  3. Diskuter: Har globaliseringa mest positive eller negative konsekvensar for ungdomar i dag?

Utforsk «somewheres» og «anywheres»

  1. Kan du bruke «somewheres»-omgrepet for å beskrive den kulturelle identiteten til ungdomane i NRK-artikkelen under?
    NRK: – Jeg lurte på om det var Vegvesenet som var her
  2. Kan du bruke «anywheres»-omgrepet om Usman Mushtaq, som du møter i NRK-artikkelen under? NRK: Jeg har motvillig fornærmet mange
  3. Kan du finne døme på offentlege personar som kan beskrivast som «anywheres» og «somewheres»? Del forslaga i klassen, og grunngi kvifor de meiner etiketten passar.
  4. Diskuter: Kan disse to omgrepa beskrive noko som eksisterande kategoriar – som klasse eller motsetningsparet by/bygd – ikkje fangar opp?
  5. Diskuter: Utelukkar kategoriane kvarandre, eller kan ein vere både litt «somewhere» og litt «anywhere»?
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Kultur og identitet