Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Third culture kids og hiphop som kulturuttrykk

Utforsk omgrepet "third culture kids" i lys av filmen om hiphop som kulturuttrykk og teksten "Brorskap og enhet" av Leo Ajkic.

Les artikkelen "Et tredje rom for identitet" og teksten "Brorskap og enhet" av Leo Ajkic frå boka Third Culture Kids før du ser filmen "Hiphop som kulturuttrykk". Etter du har sett filmen, kan du jobbe med oppgåvene under.

Relatert innhald

Kva skjer når ungdom vel å skape eit tredje rom for identitet, i staden for valet mellom å vere innanfor eller utanfor?

"Brorskap og enhet" er skriven av Leo Ajkic. Teksten er publisert i boka Third Culture Kids (Naqvi, 2019).

  1. Kva betyr omgrepet "third culture kids"?

  2. Kvar kjem hiphop-kulturen frå?

  3. Finn konkrete døme frå filmen og "Brorskap og eining" som du meiner illustrerer omgrepet "third culture kids".

  4. Kva seier SlinCraze i videoen om kvifor han rappar på samisk og kvifor han valde hiphop framfor joik for å uttrykkje seg ?

  5. Korleis kan annleisheit vere ein ressurs i hiphop-kulturen? Finn du døme på dette i filmen og i teksten til Leo Ajkic?

  6. Kva andre døme på kulturelle fellesskap som bruker utanforskap eller annleisheit som ein ressurs, kjenner du til?

  7. Diskuter denne påstanden frå Aon Raza Naqvi i presentasjonen hans av boka Third Culture Kids frå VGTV: «Third culture kids kan være Ola og Kari like mye som Fatima og Ali.»

  8. Gå gjennom filmen "Hiphop som kulturuttrykk" og teksten "Brorskap og enhet" ein gong til, og plukk ut to–tre sitat frå kvar av dei som du synest er mest interessante, eller som gjorde mest inntrykk på deg.

  9. Del sitata du har plukka ut, med dei andre i klassen, anten i eit samskrivingsdokument eller ved hjelp av klistrelapper som de festar ein stad der alle kan sjå dei. Diskuter kvifor de valde dei ulike sitata.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2021

Læringsressursar

Kultur og identitet