Hopp til innhald

Fagstoff

Ungdomskultur, subkultur, motkultur

Korleis vil du beskrive ungdomskulturen du er ein del av? Følgjer du hovudtrendane, eller liker du å utfordre kulturen dei fleste andre jamaldra høyrer til?
Fem vaksne hippiar sit på ein terrasse utanfor eit hus som er dekorert med freds-symbol. To av dei har barn på fanget. På terrassen står det målingsspann og anna utstyr. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Subkulturar

Ungdom har ofte vorte tenkte på som ei einskapleg gruppe. I dag ser vi på ungdom som ei mangfaldig gruppe der det veks fram særs ulike subkulturar.

Ein subkultur kan beskrivast som ei undergruppe i ein breiare kulturell fellesskap (Gundersen, 2019). Derfor kan vi sjå på ungdomskulturar som subkulturar av ein breiare norsk kultur.

Subkulturane blir danna etter interessene, den sosiale bakgrunnen, bustaden og etnisiteten til dei unga. Innanfor desse gruppene definerer dei unge sine normer, verdiar og stiluttrykk, musikksmak, førebilete, forholdet til festing og rusmiddel, og ikkje minst kor mykje ein skal utfordre vaksenkulturen.

Nokre subkulturar er motkulturar

Elvis Presley i promotering for filmen «Jailhouse Rock». Foto.

Subkulturar oppstår ofte som ein reaksjon på verdiane og normene til den rådande kulturen, dei blir motkulturar.

Det var særleg etter andre verdskrigen at ungdomskultur vart ein del av mediebiletet. Med glattkjemt hår, tronge jeans og skinnjakke dansa ungdommane til rockemusikk i motstand mot den konservative foreldregenerasjonen. Det oppstod ein heil industri rundt denne tenåringskulturen, og han gjekk frå å vere ein subkultur til å bli ein «mainstream»-kultur.

Marknadsførarar og filmskaparar hentar gjerne inspirasjon frå subkulturar hos ungdom. Nokre av desse subkulturane har dermed fått stor plass i mediebiletet, sjølv om kulturen i utgangspunktet berre representerte ein liten subkultur blant ungdom.

Ungdom hentar òg gjerne inspirasjon frå tidlegare ungdomskulturar. Vi ser det i både populærkulturen og motebiletet i dag.

Tenk over / diskuter

Er du inspirert av tidlegare ungdomskulturar, til dømes gjennom filmar?

To hender skriv på eit tastatur i eit mørkt rom med berre blått lys frå dataskjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike subkulturar i dag

Ungdom blir ofte del av ulike subkulturar gjennom fritidsinteresser. Kva fritidstilbod du har, er ofte avhengig av kvar du bur. Det kan dannast subkulturar rundt ungdom som er aktive i idrett, politikk, gaming og religion. Med internett og sosiale medium er det mogleg å finne fellesskapar på nett med ungdom frå heile verda, og mange nye, globale subkulturar har oppstått på denne måten.

«Incel»-kulturen er eit døme på ein subkultur som har oppstått på nettet. Denne gruppa starta som eit nettforum for menneske av begge kjønn som levde i ufrivillig sølibat. Med tida har det vorte ein subkultur dominert av menn som deler svært konservative normer og verdiar når det gjeld kjønn og seksualitet.

Tenk over / diskuter

Kva subkulturar kjenner du til i dag, både online og offline? Er du sjølv med i ein subkultur?

Kjelder

Bjurström, Erling (1982). Generasjonsopprøret. Ungdomskulturer, ungdomsbevegelser og tenåringsmarked fra 50- og 80-årene. Oslo: Universitetsforlaget AS

Gundersen, Dag (2019). subkultur i Store norske leksikon på snl.no. https://snl.no/subkultur

Imsen, Gunn (2005). Elevens verden. Innføring i pedagogisk psykologi. Oslo: Universitetetsforlaget AS

McGilligan, Pat (red.) (1997). Backstory 2. Interviews with Screenwriters of the 1940s and 1950s Berkeley. Berkley, CA: University of California Press.


CC BY-SASkrive av Lene Lie og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2021

Læringsressursar

Kultur og identitet