Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Norsk-ish?

Kva slags kulturell identitet har unge som veks opp med ein fleirkulturell bakgrunn? Kan NRK-serien Norsk-ish lære oss noko om kulturell identitet?

1. Norsk-ish og kulturell identitet

  • Sjå den første episoden av NRK-serien (25 minutt), og svar på oppgåvene. Første episode av serien Norsk-ish på NRK
  • Korleis tolkar du reaksjonen til Fariba i passkontrollen heilt i starten av episoden?
  • Store delar av episoden går føre seg på 17. mai. Kvifor trur du serieskaparane har valt denne dagen som bakgrunn for handlinga?
  • Les fagartikkelen om kulturell identitet under. Vel ut fagstoff frå artikkelen som du meiner beskriv den kulturelle identiteten til Fariba og dei andre i serien.
  • Korleis tolkar du omgrepet "norsk-ish"?

Relatert innhald

2. Internasjonal dag

  • I andre episode ser vi òg Fariba og ekskjærasten i barnehagen til sonen. Dei diskuterer internasjonal dag. Sjå scena frå 04:57 til 06:30. Kva meiner Fariba om dette, og kva meiner ekskjærasten?
  • Kva meiner du om slike måtar å feire mangfald på? Diskuter med ein medelev, og prøv å sjå saka frå fleire ståstader.
  • Les fagartikkelen om kulturell identitet og andregjering som du finn under. Kan du bruke perspektiv og omgrep derfrå til å forstå kvifor Fariba er skeptisk til feiring av internasjonal dag i barnehagen?
  • Diskuter i klassen: Er det andre måtar barnehagar kan feire mangfald på?

    Relatert innhald

    Det kan skape utanforskap når vi definerer nokon som "dei andre". Korleis kan andregjering avgrense identiteten og kjensla di av tilhøyrsle?

3. Utforsk kulturell identitet

  • Lag ein podkast om ungdom og kulturell identitet i Noreg i dag, som du kan kalle "Norsk-ish". Passar denne tittelen på alle unge som veks opp i Noreg i dag?
  • Bruk omgrep som du har lært i arbeidet med oppgåvene over til å diskutere, og reflekter korleis ungdom som veks opp i Noreg i dag får dei kulturelle identitetane sine. Sei òg noko om kva som kan vere moglegheiter og utfordringar med dette.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Kultur og identitet