Hopp til innhald

Fagstoff

Globalisering og kulturell identitet

Globaliseringa påverkar identiteten vår på ulike måtar. Kan omgrepa «somewheres» og «anywheres» vere nyttige for å beskrive kulturell identitet i dagens globaliserte røyndom?
Verdskart laga av blå og kvite prikkar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Globaliseringsprosessen gjer verda mindre, sidan stadig fleire sider av samfunnet blir kopla saman på tvers av kloden. Globaliseringa påverkar kultur, økonomi og politikk. har blitt større, både geografisk og sosialt. Kva konsekvensar har dette for kulturell identitet, og påverkar det alle på lik måte?

Nye fellesskap – nye kulturelle identitetar

Teknologi er ei av drivkreftene bak globaliseringa, og spesielt internett har gjort det mykje enklare for folk å ha kontakt med kvarandre over lange geografiske avstandar. Ein av konsekvensane av dette er at vi kan finne fellesskap med andre menneske enn berre dei som er nære oss geografisk. Tilhøyrselen til grupper er ein av faktorane som kan prege den kulturelle identiteten din, derfor kan vi seie at globaliseringa har gitt mange menneske fleire moglegheiter når det gjeld kulturelle identitetar.

Tenk over / diskuter

Diskuter påstanden: «På grunn av internett har vi fått ein eigen global ungdomskultur, der unge på tvers av landegrenser har meir til felles med kvarandre enn dei har med vaksne frå heimstaden sin.»

«Anywheres» og «somewheres»

Kulturell identitet heng òg saman med mobilitet, det vil seie kor tett knytt du er til heimstaden din. Dette peika journalisten David Goodhart på då han lanserte omgrepa «anywheres» og «somewheres» i ei bok i 2017. Goodhart ville forklare motsetningane i den britiske befolkninga som blei så tydelege under brexit-avstemminga.

Dei som høyrer heime ein stad

Goodhart beskriv «somewheres» som menneske som er knytte til heimstaden og kulturen dei har vakse opp i, ofte i utkantstrøk. Låg utdanning og lite mobilitet er òg kjenneteikn han knyter til denne gruppa. Verdiar som stabilitet, slekt, tradisjonelle kjønnsroller og annan tradisjon er viktige for «somewheres». Samfunnsendringane som globaliseringa har ført til, kan verke truande på desse verdiane.

Dei som kjenner seg heime overalt

«Anywheres» er ei mykje mindre gruppe, men denne gruppa har ofte maktposisjonar i samfunnet, ifølgje David Goodheart. «Anywheres» knyter ikkje identiteten sin til heimstaden, men kan «shoppe» identitetar frå ein større meny. Dei har høg utdanning, er mobile og kan kjenne seg heime mange stader.

Tenk over / diskuter

Teorien om «anywheres» og «somewheres» er basert på britiske forhold. Kan disse omgrepa òg bli brukte om den norske verkelegheita du kjenner til?

Kva er fordelar og ulemper ved å vere høvesvis «anywheres» og «somewheres»?

Globaliseringa skaper forskjellar

Sosiologen Zygmunt Bauman peika på at dei positive effektane av globaliseringsprosessen berre gjeld dei som er mobile, det vil seie dei av oss som kan flytte på oss. Mange menneske manglar utdanning, pengar eller eit globalt nettverk og er framleis stedbundne. Samtidig gjer globaliseringa at makt og avgjerdsprosessar blir flytta bort frå lokalsamfunna, slik at dei som ikkje er mobile, får mindre moglegheit til å påverke.

Bauman viste òg forskjellen mellom mobiliteten til fattige og rike ved å skilje mellom «turistar» og «vagabondar». Turistane reiser fordi dei vil oppleve verda, og kan ferdast fritt mellom dei fleste land. På den andre sida har vi vagabondane, som reiser fordi dei må. Dei kan vere på flukt frå fattigdom, krig og klimaendringar. Denne gruppa kan ikkje bevege seg fritt og behageleg, men møter stengde grenser og strenge asylreglar.

Tenk over / diskuter

Kvifor kan ikkje flyktningar dra dit dei vil, mens andre kan setje seg på eit fly og reise til andre sida av kloden når som helst?

Mobilitet og globalisering er altså noko som påverkar oss, men på ulike måtar. Dei som har ressursar, kan ferdast seg fritt over heile verda, mens andre ikkje får tilgang til ein slik fridom. Det er mogleg å finne, og kjenne tilhøyrsel til, fellesskap på tvers av landegrenser, samtidig som det er mogleg å basere identiteten sin på tradisjonar og stadtilhøyrsel.

Tenk over / diskuter

Diskuter påstanden: «Globalisering gir mobilitet og moglegheiter for alle.»

Korleis påverkar globalisering den kulturelle identiteten din?




Kjelder

Amundsen, B. (2018, 28. mars). Kan populisme forklares med «somewheres» og «anywheres»? Henta 22. oktober 2020 frå forskning.no: https://forskning.no/skole-og-utdanning-innvandring-ny/kan-populisme-forklares-med-somewheres-og-anywheres/279467

Bauman, Z. (1998). Globalization. Cambridge: Blackwell Publishers Ltd.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Kultur og identitet