Hopp til innhald

Fagstoff

Eit tredje rom for identitet

Vi snakkar ofte om å vere innanfor eller utanfor i samfunnet. Men kan vi velje å ikkje halde oss til desse to kategoriane, og i staden skape eit tredje rom?
En rekkje regnbogeflagg under Oslo Pride Parade i 2018. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste samfunn i verda i dag er fleirkulturelle i større eller mindre grad. Menneske og idear flyttar på seg, og vi får samfunn der mange ikkje har same kulturbakgrunn som majoriteten i eit land. Dette er òg samfunn der få veks opp med dei same kulturelle omgivnadene som foreldra sine. Kva slags kulturell tilhøyrsel og identitet vel ein då? Og er ein dømd til utanforskap?

Third culture kids

Der valet tradisjonelt har vore anten å vere innanfor eller utanfor i ein majoritetskultur, ser vi at mange i møte med denne avgrensa valfridommen, har skapt ei tredje valmoglegheit. Dei har møtt denne utfordringa med å skape sin eigen kultur, ein tredje kultur. Derfor har vi fått kategorien "third culture kids", som blir brukt om ungdom og barn som kjenner seg igjen i desse erfaringane.

Omgrepet blei først brukt av John og Ruth Useem om barna til amerikanske borgarar som budde i utlandet. Dei peika på at erfaringane til desse menneska med å leve mellom kulturar skapte ei ny kulturell gruppering. "Third culture kids" har blitt eit omgrep som kan belyse kreativiteten og nyskapinga i det fleirkulturelle samfunnet – i staden for å fokusere på det å vere annleis og problema med det.

I boka Third Culture Kids skriv Sandeep Singh:

Erkefienden til puristen: en innovasjon

Du er ensbetydende med framgang

og i ørene mine er du tidenes remix
(s.25)


Det å vere annleis som ein ressurs

Fleire forskarar har peika på korleis spesielt storbyungdom skaper sine eigne ungdomskulturar. Desse ungdomskulturane kan vere samansette av element frå kulturuttrykk som byggjer på erfaringar med andregjering og fellesskap på tvers av kulturelle og sosiale grupperingar.

Hip-hop-kulturen er eit døme på ein kulturell tilhøyrsel som gjer det å vere annleis til ein ressurs. Rollemodellar i hip-hop-kulturen har ofte vore outsiderar, og motstand mot storsamfunnet og autoritetar har vore eit sentralt tema i denne kulturen, som oppstod i USA, men som i dag finst over store delar av verda.

Eit døme på dette er rapparen SlinCraze, som kombinerer element frå hip-hop-kulturen med element frå samisk kultur:


Tenk over/diskuter

Kan du komme på døme på andre ungdomskulturar som har blitt skapte av ungdom frå ulike kulturelle bakgrunnar?

Har heimstaden din eit hip-hop-miljø? Fungerer det som eit tredje rom for identitet?

Kva moglegheiter og utfordringar ligg i å vere ein third culture kid?


Kjelder

Naqvi, A. R. (Red.). (2019). Third Culture Kids: Å vokse opp mellom kutlurer. Gyldendal.

Traaen, B. (2016). "Jeg føler ikke at jeg kommer fra én nasjon, jeg føler meg bare som et menneske.": En kvalitativ studie av identitetskonstruksjon blant minoritetsetnisk ungdom [Masteroppgave]. Høgskolen i Sørøst‐Norge.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020

Læringsressursar

Kultur og identitet