Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

The Big Sick

I filmen The Big Sick møter vi Kumail, som må gjere eit vanskeleg val. Skal han følgje rådet til foreldra om kven han skal gifte seg med, eller sitt eige hjarte? Bruk det du har lært om kultur og kommunikasjon til å arbeide med filmen.

Om filmen:

Den pakistanskfødde komikaren Kumail og studenten Emily forelskar seg. Forholdet blir komplisert av at foreldra til Kumail forventar at han giftar seg med ei pakistansk muslimsk jente.

Plutseleg blir Emily alvorleg sjuk, og Kumail må ta eit val. Skal han satse på forholdet og bli med Emily gjennom sjukdommen, eller skal han følgje ønsket til familien og finne seg ein kjæraste med riktig bakgrunn?

Sjå filmen, og bruk han til å utforske kommunikasjon og kultur.

Utforskingsoppgåve

Vel eitt av temaa frå lista under. Lag ei problemstilling knytt til temaet, og bruk filmen til å svare på problemstillinga. Når du lagar ei problemstilling, bør du formulere spørsmål som ein ikkje kan svare på med ja eller nei, men heller lage litt meir opne spørsmål. Bruk relevant teori og omgrep, og vis til døme frå filmen. Du kan til dømes lage ein munnleg presentasjon, ein podkast eller ein film.

Tema:

  • kulturell identitet

  • andregjering

  • kulturuttrykk

  • eit tredje rom for identitet

  • interkulturell kommunikasjon

  • fordommar og stereotypiar

  • samanlikne korleis ulike kulturar uttrykkjer normer, verdiar og tradisjonar

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen, Tina Andersson og Ida Marie Stokkelien.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Kultur og identitet