Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kommunikasjonen i "Chattes"

Korleis pregar relasjonar, rollar, kjønn, alder og kulturell bakgrunn kommunikasjonen i programmet Chattes?

Del 1

Sjå Chattes-episoden om rasisme og bruk det de har lært om kultur og kommunikasjon til å beskrive og utforske korleis deltakarane kommuniserer med kvarandre. Nedst på sida finn de relevante artiklar. Bruk også gjerne observasjonsskjema med omgrep:

Filer

Tips til lærar

Det kan vere lurt å sjå ein annan episode av programmet først. Modeller korleis du kan bruke omgrep og fagkunnskap til å beskrive kommunikasjon.

Del 2

Bruk desse spørsmåla til å beskrive og reflektere rundt dei ulike faktorane som påverkar kommunikasjonen i denne Chattes-episoden.

  • Kva slags roller har dei ulike deltakarane, og korleis påverkar rollene korleis dei kommuniserer? Eit døme: Faten er i programleiarrolla. Kva slags konvensjonar for kommunikasjon finst det for denne rolla? Følgjer ho desse spelereglane?
  • Kva slags relasjonar er det mellom deltakarane, og korleis påverkar dette kommunikasjonen? Eit døme: Gunnar frå Oslo politidistrikt er i den profesjonelle rolla si ein autoritet, han er òg vaksen. Påverkar dette korleis han snakkar til ungdommane? Påverkar dette korleis ungdommane snakkar tilbake til han?
  • Legg de merke til nokre opplagde misforståingar eller kommunikasjon som ikkje fungerer bra? Beskriv kva som kan vere årsaker til dette.
  • Legg de merke til nokon som kommuniserer spesielt godt? Beskriv kva som fungerer godt.
  • Trur de sosiale og kulturelle faktorar hos dykk som observatørar har noko å seie for kva de definerer som god kommunikasjon?
  • Kven snakkar mest? Kven snakkar minst? Kva er årsaker til dette, trur de?
  • Finn de døme på i kommunikasjonen til deltakarane?
  • Er det forskjellar og likskapar i kommunikasjonsstilen til ulike deltakarar? Dette kan handle om kjønn, alder, status, sosial klasse eller kulturell identitet. Sjå både på verbal og ikkje-verbal kommunikasjon. Korleis er samspelet mellom desse faktorane?
  • Er det forskjellar og likskapar i måten deltakarane snakkar om rasisme på? Kva trur de er årsaker til desse forskjellane og likskapane?

Del 3

Presenter det de har funne ut for dei andre i klassen. Illustrer poenga dykkar med døme frå programmet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2023

Læringsressursar

Kultur og identitet