Korleis kan språk skape nærleik og avstand?
Når vi kommuniserer med andre, vil vi tilpasse språket vårt på ulike måtar. Den språklege tilpassingsteorien prøver å forstå og forklare dei vekslingane vi som språkbrukarar gjer. Denne teorien heng saman med psykologiske og sosiale mekanismar, og skil mellom to strategiar: Anten konvergerer vi, eller så divergerer vi.
Å konvergere vil seie at noko nærmar seg kvarandre. I denne samanhengen vil det seie at ein kan nærme seg språket til den ein snakkar med. På den måten kan vi oppnå likskap, men sosial status og makt vil avgjere om dette skjer einsidig eller gjensidig.
I eit middagsselskap med besteforeldra dine vil du neppe snakke heilt på same måten som med venene dine. Du kan då konvergere ved å leggje av deg nokre av dei typiske ungdomsuttrykka, og snakke slik at besteforeldra dine forstår deg betre. Då slepp du kanskje unna ein diskusjon om korleis du snakkar.
Å divergere vil seie å halde fast på ein forskjell. Då held vi ved lag dei språklege forskjellane til den vi snakkar med, og vi kan framheve sosial identitet og markere sosial avstand gjennom språket. Ofte vil ein som ungdom vere opptatt av å markere avstand og bevisst markere gjennom språket at ein ikkje høyrer til same generasjon som foreldra sine.
Tenk over / diskuter:
Bruker du konvergerande eller divergerande språk når du snakkar med jamaldrande av motsett kjønn?
Kan du kome på situasjonar der du har vore opptatt av å markere avstand eller heldt på forskjellar mellom deg og den du snakka med?